– Det er skilting om bandtvang på alle gravplassar i Stavanger, også på Eiganes gravlund. Men for å gjera dette tydelegare, har me planar om ytterlegare skilting på Eiganes, seier kyrkjeverje i Stavanger, Svein Inge Thorstvedt.
Salvatore blei til slutt så lei at han sette opp eigenlaga skilt, men dei forsvann. Han har også sendt brev til biskopen i Stavanger der han ber om at det blir slutt på hundelufting på kyrkjegarden.
– Korleis me i praksis skal forbetra skiltinga er ennå ikkje klart, men me skal gjera det, seier Thorstvedt.
Oslo har spesifisert reglane
Gravferdsforskrifta i lovverket slår fast at ferdsel og handlingar på gravplass «skal skje på en sømmelig og minst mulig støyende måte, slik at det ikke virker støtende på noen.»
Og at «besøkende skal såvidt mulig ferdes gående. Hunder skal føres i bånd.»
I tillegg til skilt som opplyser om bandtvang, har Oslo kommune spesifisert regelverket med at den maksimale bandlengda er to meter på gravplassane.
– Eit totalforbod mot hundar på gravplassar er ikkje vegen å gå. Gravplassane i Oslo blir brukt som parkar og då må folk få ha med hunden når den er i band, seier Sturla Moe, avdelingssjef i Gravferdsetaten i Oslo kommune.
Han seier folk stort sett respekterer reglane i hovudstaden og at det ikkje er eit stort problem at hundeavføring blir liggande.
Opnar for forbod enkelte plassar
I Bergen har dei også gode erfaringar om at folk overheld bandtvangsreglane på gravplassane. Også her er det skilt som opplyser om dette.
– Men det er likevel ein del som ikkje har band på hunden. Me håpar dette ikkje blir eit stort problem og foreløpig har me ikkje sett i verk tiltak. Men det er viktig at dette blir respektert, seier gravplassjef i Bergen kyrkjelege fellesråd, Inghild Hareide Hansen.
Ho er ikkje like avvisande til eit totalforbod mot hund som kollegaen i Oslo.
– I Norge har me ikkje hatt tradisjon for å forby hundar i det offentlege rom. Men det er veldig viktig å ha respekt for gravene, og det er kanskje nokre område kor det bør vurderast om hundar ikkje skal vera.
Biskop i Stavanger, Erling Pettersen, ønsker ikkje å kommentera saka overfor NRK, men lover å svara på brevet til Salvatore Curto.