Hopp til innhold

Over 12 prosent sjukefråvær - set i gong prosjekt for å løysa problema

Sjukefråværet blant dei tilsette på sjukeheimane i Karmøy kommune har vore på heile 12,4 prosent dei første åtte månadane i år. No startar dei eit prosjekt for å få bukt med den høge fråværsstatistikken.

Kopervik bu- og behandlingsheim

HØGT SJUKEFRÅVÆR: Det er høgt sjukefråvær ved sjukeheimane i Karmøy kommune. No set kommunen i gong eit prosjekt for å få ned tala. Her er Kopervik bu- og behandlingsheim, der dei i fleire år har jobba aktivt med å få færre til bli sjukemelde.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Karmøy kommune set i gong eit prosjekt dei kallar for «nærværprosjektet» for å få ned sjukefråværet blant dei tilsette ved sjukeheimane i kommunen. Med tidleg dialog med dei tilsette vil dei fanga opp dei som er i faresona for å bli sjukemelde.

Wenche Håvik

MØTER PROBLEMET: Wenche Håvik er personalsjef i Karmøy kommune.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me skal fanga dei opp i systemet før dei går til legen. Me skal ha såkalla dialogmøte med dei før dei blir sjukemelde, og me skal ha ei konkret vurdering på kva som er utfordringa og kva me kan gjera for å løysa det, seier Wenche Håvik, personalsjef i Karmøy kommune.

Sjukefråvær ved sjukeheimare i Karmøy kommune

Slik ser sjukefråværet ut ved sjukeheimane på Karmøy dei siste åra.

Foto: Karmøy kommune

Involverer dei tilsette

For med eit sjukefråvær på 12,4 prosent dei første åtte månadane i år, må noko gjerast. Ved Kopervik bu- og behandlingsheim har dei dei siste åra jobba målretta for å få ned sjukefråværet, og leiar Stine Bjelland trur ho veit litt av årsaka til at dei har klart det.

Stine Bjelland

INVOLVERER DEI TILSETTE: Stine Bjelland er leiar ved Kopervik bu- og behandlingsheim.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Brei involvering av dei tilsette. Det at dei sjølv får lov å seia noko om kva som verkar for å redusera sjukefråværet, det trur eg er veldig viktig. Det er viktig å involvera dei tilsette når me går i gang med eit prosjekt, og det kjem ofte mykje godt ut av det, seier Bjelland.

– Føler presset

Sjukepleiar Linda Tangen har jobba på Kopervik bu- og behandlingsheim i litt over to år og trivst godt.

Linda Tangen

– KUNNE IKKJE TENKT MEG EIN ANNAN JOBB: Sjukepleiar Linda Tangen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er ein utruleg givande jobb. Berre i dag fekk eit stryk og lite kyss på handa av ein pasient. Det betyr mykje! Eg veit at det eg gjer er meiningsfullt, og eg ser ikkje for meg å ha ein annan jobb, seier ho.

Men også ho merkar at nokre dagar er tyngre enn andre.

– Eg kan vera ærleg å seia at ein kan føla presset av og til, at ein ikkje strekk heilt til slik ein vil. Då kan ein bli litt utmatta, held ho fram.

Flere nyheter fra Rogaland