Hopp til innhold

Viking fotballklubb er populær i utlandet

48 prosent av fotball-laget Viking sine fans på Facebook, kjem frå utlandet. Flest utanlandske tilhengjarar har klubben frå Indonesia. Men det er Mjøndalen som toppar lista med 86 % utanlandske fans.

Viking-hordene

Viking sine største fans samlar seg under namnet 'Vikinghordene'.

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

– Her er det noko som ikkje stemmer. Sannsynlegvis er mange av dei som har trykt "likar" kjøpt og betalt, skriv kommunikasjonsrådgjevar og fotballentusiast Hans-Petter Nygard-Hansen, på si eiga nettside.

Om det er fotballklubben sjølv som har kjøpt fansen på Facebook eller om det er ein eller fleire klubbtilhengjarar, det veit ikkje Nygård-Hansen.

Kommunikasjonsrådgiver Hans-Petter Nygård-Hansen ser på utenlandske fotballfans til norske klubber

Kommunikasjonsrådgjevar Hans-Petter Nygård-Hansen er skeptisk til talet på utanlandske fotballfans til norske klubbar

Foto: Ingar Næss

Les også: Samhald blant fotballfansen

Men det han veit er at ein via nettstaden Buy Likes Service, kan kjøpe 10 000 likes for 200 dollar.

Avviser kjøp av "likes"

– For Viking sin del har dette ei enkel forklaring, seier Susanne Steenbøl, som er forretningsutviklar i Viking fotball.

Klubben oppdaga i vår at det kvar morgon var mange innlegg på nettsida deira frå Indonesia. Etter å ha gått nøyare inn på dette fann dei ut at det eksisterer ein fotballklubb i Indonesia som heiter "Viking".

Den held til på Vest-Java og heiter eigentleg Persib Bandung, men eit av kjælenamna er altså "Viking". Det var tilhengjarar derfrå som posta innlegg og trykka "likar" på Viking si heimeside.

Viking fotballklubb frå Vest-Java

Persib Bandung (Viking) fotballklubb frå Vest-Java i Indonesia.

Foto: Persib Bandung

– Etter ei stund bestemte klubben seg for å stenge tilgangen til Viking si Facebook-nettside i Indonesia, seier Steenbøl.

Mjøndalen er verst

Hans-Petter Nygård-Hansen har på nettsida si, "hanspetter.info" sett nøyare på utanlandske tilhengjarar hos alle norske toppklubbar i fotball.

Les også: – Vi er ingen bråkmakere

Det viser seg at Mjøndalen har suverent flest utanlandske fans. 86 prosent kjem frå utlandet og om lag 40 prosent av desse igjen, er frå Egypt.

Deretter kjem Viking med 48 % og Bodø Glimt med 40 % frå utlandet.

Steenbøl i Viking peikar på at namnet deira er så internasjonalt at det er naturleg at nokre utanlandske fans melder seg på. Ho nemner ein fanklubb både i Italia og i Kenya.

– Men for Mjøndalen og Bodø Glimt, er det rart at det skal dukke opp så mange utanlandske fans, seier ho.