NRK Meny
Normal

Samhald blant fotballfansen

Då titusenvis av tilskodarar var innesperra på Stade de France fredag kveld braut dei ut i spontan allsang; nasjonalsongen, «La Marseillaise».

FRANCE-ATTACKS-PARIS

TERRORANGREP NÆR STADE DE FRANCE: Publikum samlar seg på grasbana etter at venskapskampen mellom Frankrike og Tyskland vart avbroten av terrorangrep fredag kveld.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

På veg til å bli slusa ut frå ein av få opne utgangar stemte tusenvis av fotballfans i Marseillaisen.

Laster Twitter-innhold

Rundt 80.000 menneske var samla fredag kveld på Stade de France for å sjå landslaget til Frankrike spele venskapskamp mot Tyskland då terrorangrepet som råka fleire stader i Paris starta.

Først etter pausen skjøna dei alvoret

I løpet av første omgang av kampen høyrde dei eit par eksplosjonar, men trudde først det var snakk om gjødselbomber, skriv sportsjournalistane i France Orange. Etter pausen skjøna ein alvoret då president François Hollande og hans følge vart henta ut frå VIP-tribunen.

Kampen vart avbroten og folkemengda vart informerte om at det hadde vore fleire bombeangrep i nærleiken av stadion. Det var tilløp til panikk i folkemengda, men dei fekk beskjed om at dei måtte vente til dei fekk sleppe ut ein av tre utgangar som var opne. Seinare kom det fram at tryggingsvaktene hadde stoppa ein person som hadde prøvd å ta seg mot presseområdet med eksplosiv på seg.

Systera til ein av spelarane var på terrorråka konsert

Ein av spelarane, Antoine Griezmann, hadde ei syster som var på konserten på Bataclan, der det etter kvart utvikla seg ein gisselsituasjon som enda i eit blodbad med rundt 80 døde. Han melde raskt frå på Twitter om at ho hadde klart seg; "Takk gud klarte systera mi å kome seg ut frå Bataclan. Alle mine bøner går til offera og deira familiar.".

Laster Twitter-innhold
FBL-EURO-2016-FRA-GER

DOBBELT-RÅKA: Frankrike-spelaren Antoine Griezmann (t.v.) var ei stund uroa for syster si som var på konserten som vart råka av angrepet. Han fekk etter kvart vite at ho hadde kome seg ut.

Foto: FRANCK FIFE / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt