Hopp til innhold

Verste kommune i stor kommunetest

Strand kommune kjem verst ut i Rogaland i Forbrukarrådet sin store kommunetest. Ingen kommunar i fylket er på topp 20-lista.

Jørpeland sentrum

Strand kommune kjem dårlegast ut i Forbrukarrådet sin kommunetest. Her frå kommunesenteret Jørpeland.

Foto: Strand kommune

Den aller minste kommunen i Hordaland, Fedje, blei torsdag kåra til Norges beste, ifølge Forbrukarrådet.

Kommunane blir testa på service, tilgjengelegheit og informasjon når Forbrukarrådet skal kåra årets beste kommune.

Rogaland kjem ikkje spesielt godt ut i kåringa. Me må heilt ned til 29. plass for å finna ein rogalandskommune på lista. Det er vesle Kvitsøy kommune på 29. plass.

Sauda og Haugesund kjem ut som nest og tredje best av rogalandskommunane.

Karmøy og Strand verst i Rogaland

Verst ut i fylket kjem Karmøy og Strand.

Med 38,8 poeng får Strand mindre enn halvparten av poengsummen til kommunen som kjem best ut i landet (Fedje med 83.3 poeng).

Karmøy og Strand er også blant kommunane i landet som kjem dårlegast ut i testen med høvesvis 392. plass (Karmøy) og 397. plass (Strand).

Dei største gjer det best

Forbrukarrådet ser ein klar tendens i undersøkingane dei gjennomfører. Kommunar med høgt folketal gjer det betre enn kommunane med lågt folketal.

Kommunane er testa på i kva grad dei gir god informasjon om forskjellige tenester, ikkje tenestene sitt innhald og kvalitet. Testen er utført i januar og februar i 2016.

I testen, som er utført av Norstat, har testaren gitt seg ut seg for å vera privatperson og kontakta alle kommunar i Norge på e‐post, telefon og via kommunane sine nettsider.