– Vi ser alvorleg på resultata. Når vi set oss inn i ei drosje, skal vi vite at sjåføren har lov til å ta betalt for turen, seier Njål Kleppe-Madland, førstekonsulent i Statens vegvesen.
Statens vegvesen gjorde kontrollen i Stavanger og ved flyplassen på Sola sundag. Til saman blei 63 drosjer kontrollerte.
Njål Kleppe-Madland, førstekonsulent i Statens vegvesen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKAv dei fekk 38 bruksforbod. Det er meir enn 60 prosent.
Med andre ord var det seks av ti drosjar som ikkje hadde lov til å ta passasjerar denne dagen. Det er langt fleire enn ein tilsvarande kontroll i Oslo-området sist haust, kor ein av fire fekk bruksforbod.
Lånte løyver og falskt dokument
Mange av dei 38 som fekk bruksforbod, måtte finne køyresetelen og ha den synleg i bilen før dei igjen kunne ta opp passasjerar.
– Ein sjåfør som ikkje har køyresetel, kan det vere at ikkje har lov til å køyre drosje, seier Kleppe-Madland.
Køyresetelen skal vere synleg i ei drosje, slik som på dette biletet Vegvesenet tok under kontrollen sundag.
Foto: Statens vegvesenMen for andre var det ikkje så lite som skulle til, og fleire blir politisaker.
Ein buss og ein drosje blei avskilta. Dei mangla løyve til å køyre. Begge er tilknytt same selskap, som hadde lånt løyva frå eit anna selskap. Begge selskapa blir melde til politiet.
Ein sjåfør mangla yrkessjåførkompetanse, og blir meld til politiet for det. I bilen fungerte dessutan ikkje fartsskrivaren. Også dette betyr politimelding.
Ein sjåfør hadde eit forfalska løyvedokument.
Vegvesenet sjekka drosjer både i Stavanger og ved Stavanger lufthamn i Sola.
Foto: Statens vegvesenTre fekk bot for å ikkje ha vognkort og ein for å ikkje ha bilskiltet synleg.
Ni drosjer var berre EU-kontrollerte som vanlege personbilar, noko som ikkje er nok for ein bil som skal vere drosje.
Varslar fleire kontrollar
Hausten 2020 blei det innført nye reglar i drosjenæringa. I bransjen blir dei kalla eit frislepp.
Anten du vil kalle det for det eine eller det andre: Talet på drosjeløyve hadde stige 45 prosent då reglane hadde verka i om lag eitt år.
– Dette er ingen overrasking for oss i næringa, seier Morten Eriksen i Norges Taxiforbund i Rogaland.
Morten Eriksen i Norges Taxiforbund i Rogaland.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKHan ønsker fleire kontrollar som den Vegvesenet hadde sundag, og seier næringa har bedt om det.
– Dette visste vi at ville skje idet frisleppet var ein realitet. Det viser seg overalt at dei avdekker feil og manglar, seier han, som håpar at dei som ikkje har papira i orden, får det travelt med å få det.
Og det kan det vere at dei får. Samferdsledepartementet har bede Vegvesenet ha slike kontrollar over heile landet.
– Kontrollane vil fortsette, og ein skal rekne med at det blir fleire utover hausten, seier Kleppe-Madland i Vegvesenet.