Jan greip sjansen – no køyrer han eigen drosje

Talet på drosjeløyve i Noreg har auka med 45 prosent sidan regjeringa opna for frislepp av taxibransjen. Eitt av løyva har Jan Hamou skaffa seg, og han har funne formelen for å lukkast som taxieigar.

Jan Hamou i den nye taxien av typen elektrisk Jaguar

Jan Hamou var lei av å køyre for andre. Nå eig han Hundvåg Taxi

Foto: Ingvald Nordmark

– Det er slik business er, seier Jan Hamou, og presenterer ein del av forretningsfilosofien sin.

– Du må bruke pengar for å kunne tene pengar.

Derfor har han kjøpt seg ein flunkande ny Jaguar I-Pace, som drosjebil.

– Kundane blir imponerte, og når eg i tillegg er høfleg og held bilen rein og fin, så skaffar det meg faste kundar, seier Hamou.

Jan Hamou, drosjesjåfør Hundvåg, Nærbilde

Jan Hamou, taxieigar på Hundvåg i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Meir enn 11.000

Etter fleire år som leigesjåfør skaffa han seg drosjeløyve kort tid etter at det nye regelverket byrja å gjelde frå 1. november i fjor.

Tidlegare blei ein søknad om løyve nøye behovsprøvd.

Nå er det ikkje lengre nødvendig å vera tilknytt ein taxisentral. Heller ikkje må løyveeigaren ha bankgaranti, og kjentmannsprøve er kutta ut til fordel for ny teknologi.

Frå 1. november i fjor til og med august i år har talet på taxiløyve i Noreg auka frå 7629 til 11.089. Det er ein auke på 45 prosent.

Farane lurer

Men frisleppet frå regjeringa får også negative effektar, ifølgje styreleiar i Rogaland Taxiforbund, Morten Eriksen.

Han fryktar faren for overetablering i bransjen, og at internasjonale selskap som Uber og Bolt kan koma til å utkonkurrera norske sjåførar.

Og så kjem han med ei historie som viser ei anna ulempe.

Morten Eriksen, styreleiar Rogaland Taxiforbund, Nærbilde

Morten Eriksen, styreleiar i Rogaland Taxiforbund.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Ein kunde sette seg nyleg inn i ein drosje på flyplassen på Sola. Han blei køyrd til Stavanger sentrum og fekk beskjed om at prisen var 1300 kroner.

– Og prisen skulle ha vore?

– Rundt 350 kroner. Dette er ei utvikling som me har sett i Sverige og som nå er i ferd med å spreie seg her i landet. Og det er faktisk lov å ta høge prisar, dersom sjåføren informerer om prisen før dei startar turen, seier Eriksen.

Han ønskjer seg strengare reglar og ny raudgrøn regjering.

Arbeidarpartiet vil stramme inn

– Kjem Ap i regjering til hausten, så blir regelendringane så godt som annullerte, lovar stortingskandidat Tom Kalsås.

Tom Kalsås, Ap, Rogaland, stortingskandidat, Halvnært

Tom Kalsås, stortingskandidat for Ap.

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Han fortel at partiet ønskjer å få tilbake ei grense på kor mange løyve det kan vera i eitt distrikt.

Partiet vil også ha nøye offentleg kontroll med taxisjåførane, og dei vil ha ei klageordning som misnøgde kundar kan rette klagemål til.

Bestemmer sjølv

Jan Hamou har fått det som han vil. Han jobbar lange dagar, men han tener pengar til seg sjølv.

Når ein kunde ringer han på mobilen, så er han klar. Vanlegvis byrjar han i jobben etter å ha levert borna i barnehage og skule, og så held han det gåande til klokka 02 om natta. I helgene køyrer han til klokka 05.

– For å bygge opp noko, så må du jobbe litt hardt i byrjinga, seier han.

Hemmelegheita

Hamou annonserer på Facebook og tilbyr ein pris som ligg under vanleg takst. Han stolar på at kundane er nøgde og fortel om det til andre.

Og så er det dette med forretningsfilosofien hans:

Jan Hamou bak taxien sin med taxikiltet litt uskarpt i forgrunnen

Bilen må vera rein og ikkje lukte tobakk.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Hemmelegheita ligg i å kunne tilby betre kvalitet enn dei andre, slår han fast.

– Nå har eg ein Jaguar. Den neste bilen min blir ein Porsche.