Hopp til innhold

Vedbransjen jublar over sprengkulda

Frosten og minusgradene er etterlengta for vedbransjen i Rogaland. Endeleg blir vedprodusentane kvitt ein del av veden som hopar seg opp på lagra.

Olav Ravnås

Sprengkulda er bra for vedprodusentane, blant dei Olav Ravnås i Bjørheimsbygd.

Foto: Magnus Stokka

– Eg likar meg nå når det er såpass kaldt. Nå kan eg endeleg bli kvitt denne gode veden, seier Olav Ravnås.

Mannen som er mest kjent for sine juletre, og som gjekk heilt til topps i NM for juletre i fjor, har mellom tre og fire tusen småsekk med ved i lagerhuset sitt i Bjørheimsbygd i Ryfylke.

Dei siste par åra har salet gått treigt, men med kuldeperioden me nå er inne i har salet fått fart på seg.

– Det hjelpte på med sprengkulda. Nå er det fullt køyr, og slik får me endeleg tømt lagera våre, seier Ravnås.

Kjærkomen kulde

Trond Leirflåt

Trond Leirflåt, skogbrukssjefen i Strand kommune.

Foto: Magnus Stokka

Andre vedprodusentar i Rogaland melder også om auka sal som følgje av kuldeperioden. Det stemmer godt med erfaringane til skogbrukssjefen i Strand kommune, Trond Leirflåt.

– Når temperaturane går ned, går vedsalet opp. Det viser seg kvart år me har desse kuldeperiodane.

– Kor etterlengta er slike kuldeperiodar for vedprodusentane?

Når me ser på vedlagera dei har når temperaturane er høge, ser me at kulda er veldig kjærkomen for dei som sel ved, seier skogbrukssjefen.

Vedlager, Ravnås

Vedlageret til Olav Ravnås i Bjørheimsbygd.

Foto: Magnus Stokka

– Dei siste to-tre vintrane har vore veldig labre, og det har gått veldig lite ved. Det har vore altfor mildt og for billeg straum, meiner Olav Ravnås.

Prisane står ved lag

Men sjølv om etterspurnaden etter ved aukar, går ikkje prisane ned. I alle fall ikkje prisane til Ravnås.

– Nei, prisane går ikkje ned. Men dei har faktisk vore like i ti år, seier vedprodusenten.

Kulda fører også til auka straumforbruk, men straumprisane held seg relativt låge. Ravnås meiner likevel låge straumprisar ikkje er eit godt argument for å kutta ut veden.

– Folk klarer ikkje halda varmen i huset berre med straum, og eg synst det er litt galskap at det ikkje er vedomnar i nye hus og leilegheiter, seier vedentusiasten.

Flere nyheter fra Rogaland