Hopp til innhold

Var på besøk då jente (7) blei knivstukken

Mora (27) som knivstakk dottera si (7) var på besøk hos slektningar då ugjerninga skjedde. Helsetilstanden til jenta har betra seg.

Ternveien i Kvernevik i Stavanger

Det var her i Kvernevik i Stavanger ugjerninga skjedde.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Mora og dottera bur i Rogaland, men ikkje der knivstikkinga skjedde. Dei var på besøk hos ein familie, seier politiadvokat Herdis C. Traa i Rogaland politidistrikt til TV 2.

Det var slektningar dei var på besøk hos, men politiet vil ikkje gå nærmare inn på slektsforholdet.

Har framleis ikkje blitt avhøyrt

Knivstikkinga skjedde i ein bustad i Kvernevik onsdag føremiddag. Det var fire andre i huset då knivstikkinga skjedde. Både mora og dottera blei frakta til Stavanger universitetssjukehus. Den sju år gamle dottera var alvorleg skadd, men i ettermiddag blei statusen hennar endra til lettare skadd.

Mora, som er sikta for drapsforsøk på dottera, har framleis ikkje blitt avhøyrt.

– Me hadde planlagt avhøyr i dag, men det har ikkje late seg gjera på grunn av helsetilstanden til kvinna, seier politiadvokat Herdis C. Traa i Rogaland politidistrikt til NRK.no.

Forsvarsadvokat Inger Marie Sunde har heller ikkje fått snakka med klienten sin.