Hopp til innhold

Har avhøyrt mora der ho knivstakk dottera

Politiet i Stavanger har gjennomført avhøyr av kvinna (27) som er sikta for drapsforsøk på dottera si (7). I morgon ber dei om forlenga varetekt.

knivstikking kvernevik

KVERNEVIK: Det var i dette huset ei sju år gamal jente blei knivstukken av mor si onsdag 8. juli. Mora og dottera var på besøk i huset.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Klienten min har uttrykt at ho ikkje har behov for å møta opp i eit fengslingsmøte, men ho samtykker ikkje til forlenga varetekt, seier forsvararen til den 27-år gamle kvinna, som er sikta for drapsforsøk på si eiga sju år gamle dotter, Inger Marie Sunde.

Dermed blir fengslingsavgjersla gjort utan at dei to partane møter opp i retten, når dei første fire vekene med varetekt går ut i morgon. Helsetilstanden til kvinna gjer at ho likevel ikkje er i fengsel, men på innlagt på sjukehus.

Avhøyrde sikta på åstaden

Inger Marie Sunde

Inger Marie Sunde er forsvararen til kvinna, som vedgår å ha stukke dottera si med kniv.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Det var morgonen onsdag 8. juli i sommar at kvinna knivstakk dottera si i eit hus der dei var på besøk i Kvernevik i Stavanger. Det var fire andre i huset då knivstikkinga skjedde, mellom anna eit barn under to år. Både mora og dottera blei frakta til Stavanger universitetssjukehus etter hendinga.

Den sju år gamle dottera var alvorleg skadd, men etter nokre dagar blei statusen hennar endra til lettare skadd. Den 27 år gamle kvinna blei etter kvart innlagt på psykiatrisk avdeling, og der har ho vore sidan.

I starten var ho ikkje i stand til å bli avhøyrt, men seinast i går avhøyrde politiet kvinna på adressa der det skjedde.

– Det var ikkje ein rekonstruksjon, men ting blir enklare å forklara når ein er på den faktiske staden der det skjedde. Ho nektar ikkje for sjølve knivstikkinga, men me jobbar med å kasta lys over bakgrunnen og motivet for hendinga, seier politiadvokat Karsten Monsen.

– Ønsker å hjelpa til

Aktor Karsten Monsen

Politiadvokat Karsten Monsen kallar knivstikkingssaka i Stavanger for stygg. Bilete er teke i samanheng med ei anna sak.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er nemnd opp to sakkunnige rettspsykiatrar i saka. Eit aktuelt spørsmål blir om sikta var strafferettsleg tilrekneleg då ugjerninga skjedde. Sunde seier til NRK at mora ønsker å klara opp i hendinga.

– Det er klart det tek tid når helsa ikkje er god, men ho ønsker å hjelpa til så godt ho kan for å få denne saka oppklart, seier ho.

Den sju år gamle jenta har også vore inne til avhøyr. NRK har ikkje lukkast med å koma i kontakt med bistandsadvokaten hennar.

Politiadvokat Karsten Monsen seier at saka er stygg.

– Dette er ei handling som det er svært vanskeleg å forstå korleis er mogleg å gjennomføra, seier han.

knivstikking kvernevik

Politiet fekk melding om knivstikkinga klokka 09.26 onsdag 8. juli.

Foto: Arild Eskeland / NRK