– Avgjersla er unnateken offentlegheit, så eg vil ikkje gå inn på kvifor ho har blitt varetektsfengsla, berre slutninga om at ho blir fengsla i fire veker, seier politiadvokat Herdis C. Traa.
Helsetilstanden til kvinna som er sikta for drapsforsøk på dottera si gjorde at ho ikkje var til stades i fengslingsmøtet.
Dette har forsvarsadvokaten til kvinna, Inger Marie Sunde, tidlegare uttalt seg kritisk om.
- Les òg:
– Eg oppfatta ikkje forsvararen som kritisk under fengslingsmøtet, så det må du spørja Sunde om, seier Herdis C. Traa då NRK spør om denne kritikken.
Knappe med opplysingar
Knivstikkinga skjedde i ein bustad i Kvernevik onsdag føremiddag. Det var fire andre i huset då knivstikkinga skjedde. Både mora og dottera blei frakta til Stavanger universitetssjukehus. Den sju år gamle dottera var alvorleg skadd, men torsdag ettermiddag blei statusen hennar endra til lettare skadd.
Så langt er politiet knappe med opplysingane i saka.
– Hovudfokuset i etterforskinga er på avhøyr med sikta og fornærma og andre vitne i saka, seier Herdis C. Traa.
– Viktige avhøyr står att
Ho vil framleis ikkje gå ut med kor dei kjem frå, nærmare enn at dei var busett i Rogaland, og var på besøk hos slektningar i Stavanger.
– Det står att viktige vitneavhøyr i saka, derfor er dette opplysingar som me ikkje vil gå ut med på dette tidspunkt.