NRK Meny

Vann storkontrakt

Den vesle Sandnes-bedrifta Vest Norge Doors har sikra seg ein kontrakt med Forsvaret, verd 106 millionar kroner. Det skriv Stavanger Aftenblad. Bedrifta skal levera portane til hangarane for nye F-35 kampfly ved Ørland hovedflystasjon i Trøndelag. Vest Norge Doors har berre 13 tilsette, men danka likevel ut fleire andre større aktørar i konkurransen om kontrakten.