Uvêr i Sør-Noreg: 32.000 lynnedslag på seks timar

Det meste av helikoptertrafikken til Nordsjøen var lamma i fleire timar på grunn av lyn. Meteorologane åtvarar mot overfløyming.

Lynet kjem nærare Norgeskysten.

TREFF KYSTEN: Klokka 11:50 trekk lynnedslaga nærare og innover kysten i Sør-Noreg. Hundrevis av lynnedslag i minuttet over Nordsjøen stansar helikoptertrafikken på ubestemt tid.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk Institutt

– Dei siste seks timane har det kome 32.000 lynnedslag i Nordsjøen og inn mot Sør- og Vestlandet, seier statsmeteorolog Magnus Haukland til NRK fredag ettermiddag.

Han seier dei siste timane har vore heftige, og at ein ny bolk med lynnedslag er på veg.

– Det er kraftig med lyn, det er snakk om over 300 lyn i minuttet, seier Morten Eek, pressetalsmann for norsk sokkel i Equinor.

På grunn av lyn og torevêr blei helikoptertrafikken til Nordsjøen frå Bergen og Stavanger stansa fredag morgon. Først klokka 16 begynte helikoptera å fly igjen.

Uvær på Høg-Jæren

MØRKE SKYAR: Uvêret på veg innover Høg-Jæren i dag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er restar etter stormen Ellen som no skyler innover kysten på Vestlandet.

– Det er utrygt for lokale overfløymingar, spesielt i område med tett busetnad, seier statsmeteorolog Magnus Haukland.

I Vestfold er farevarselet for nedbøren oransje fredag ettermiddag, altså svært kraftig styrtregn. Gult farevarsel er sendt ut for Rogaland og austanfjells. Det er store lokale variasjonar i intensitet og mengde, og vêret kan endra seg raskt.

Laster Twitter-innhold

– Nedbøren blir kraftigast dei nærmaste timane, med 10 millimeter nedbør på ein time enkelte stader, seier han.

Helikoptertrafikk frå Bergen og Stavanger stansa

All trafikk i helikopterselskapet CHC til Nordsjøen blei utsett i Bergen og Stavanger. Helikopterselskapet Bristow innstilte frå Bergen og Stavanger, men flaug frå Florø og Hammerfest.

Passasjerar blir bedne om å møte til ordinær tid for innsjekk.

– Vi ser utover ettermiddagen om dette betyr kanselleringar eller om det berre blir forskyvingar, men dette påverkar mange, seier Eek i Equinor.

Styrtregn i Rogaland.

PLASKREGN: Meteorologane melder at folk i Vestland og Nord-Rogaland kan få feil i Yr-appen. Det er fordi vêrradaren som måler nedbør i det området er nede og i ferd med å bli oppgradert.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Vil unngå flygande trampolinar

– Det er spesielt kastevind og nedbør vi fryktar vil gjere størst skade. Kastevind kan vere kraftig nok til å løfte ein trampoline opp i lufta, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg forsikring, i ei pressemelding.

Dei rår derfor folk å sikre alt av lause gjenstandar utandørs så raskt som mogleg.

– Bind fast trampolinen og rydd inn hagemøblar, parasollar, partytelt og grillen, seier Brandeggen.

Trampoline blåst over ende

UNNGÅ DETTE: Tryg forsikring rår alle til å sikre lause gjenstandar, spesielt trampolinar, grill og hagemøblar. Bilete frå uvêr i Tromsø.

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Ekstrem nedbør har auka kraftig i Noreg dei siste åra. Dette fører til fleire vasskadar, og forsikringsbransjen registrerte i fjor over 70.000 vasskadar til ein kostnad av 3,2 milliardar kroner, opplyser Tryg.