Hopp til innhold

Utvist bergingsbil­sjåfør: – Eg skal tilbake på norske vegar

Mannen frå Estland var ifølgje politiet ein fare i trafikken, og blei utvist frå Noreg. Nå seier han at han er tilbake på norske vegar ved første høve.

Bilbergingsbil frå Estland tatt i haugesund

Sjåføren av denne bergingsbilen, som ønsker å vera anonym, blei av UDI utvist frå Noreg i to år på grunn av ei rekke brot på kviletidsreglane, tekniske manglar, manglande vilje til å utbetra pålegg og ulike forhold knytt til opphaldsløyve og utføring av arbeid i Noreg

Foto: Privat

– Eg har ikkje gjort anna enn å hjelpa folk.

På ei dårleg telefonlinje frå Estland forklarar bergingsbilsjåføren at han er svært frustrert over UDI si avgjersle om å utvisa han frå Noreg i to år.

Utvisingsvedtaket blei fatta for tre veker sidan, etter at han køyrde frå ein trafikkontroll i Egersund, der han skal ha fått køyreforbod. Før dette hadde han hatt feil og manglar i sju av ni trafikkontrollar gjennomført av Vegvesenet dei siste tre åra (sjå lista nedst i saka).

– Han er ein fare for samfunnet og tryggleiken på vegane, sa Pål Gjil i utlendingsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.

– Aldri vore i ulukke

Sjølv meiner bergingssjåføren at ei lang historie på norske vegar, utan å ha vore involvert i ulukker, burde tala for seg sjølv.

– Eg har køyrt bergingsbil i Noreg i 20 år, og aldri vore involvert i ei ulukke, eg har berre vore til hjelp.

Han meiner at feila, som har blitt avdekte i kontroll ikkje har vore reelle, men kjem av at enkelte kontrollørar har vore overdrivne rigide.

Likevel har han valt å ikkje koma med formelle klager.

Ein komedie

Han har heller ikkje nytta høve sitt til å skaffa seg ein advokat og klaga på utvisingsvedtaket mot han, sjølv om han kallar vedtaket ein komedie. Forklaringa hans er at han ikkje har gjort noko gale.

– Kva betyr vedtaket for deg?

– Eg har alle kameratane mine i Noreg, fordi eg har budd der dei siste tolv åra. Nå kjem eg til å bu i Estland, men eg vil halda fram med å ta bergingsoppdrag i Danmark og Sverige. Om to år skal eg tilbake til Noreg, for å gjera oppdrag der.

Politiet slår fast at han sjølvsagt er i sin fulle rett til å gjera dette.

– Det blir som ei soning, når han har sona ferdig så kan han koma tilbake, seier leiar i utlendingsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt, Bjørner Snilsberg.

Men om sjåføren blir tatt for liknande forhold kan reaksjonane bli sterkare.

– Då vil det vera naturleg at ein snakkar om lengre utvising, eller varig utvising, seier Snilsberg.

Hos biltilsynet i Haugesund

Bergingsbilen blei tatt frå sjåføren i Haugesund, og ikkje utlevert før dei ubetalte bøtene hans blei betalte. Desse blei nyleg betalt, og køyreforbodet på bilen har blitt oppheva. Ein ven av sjåføren har henta bilen i Noreg og køyrt den til Estland.

Foto: privat

– Velkommen tilbake

Fleire frå bilbergingsmiljøet i Noreg som NRK har vore i kontakt med, meiner at sjåføren frå Estland har vore med på å skada omdømet til bransjen.

– Likevel ønsker me han velkommen tilbake, om han har alt i orden med bilen sin, og køyrer etter boka, seier Lasse Andre Olsen Malmin frå Falck.

– Dersom han kjem tilbake med ein bil som er trafikksikker og i forskriftsmessig stand så er alt i orden, seier faggruppeleder i utekontrollen i Vegvesenet, Paal Fossan.