Bergingsbil har vore ein fare i fleire år – nå kan sjåføren bli utvist

Bilbergingsfirmaet frå Estland har operert på norske vegar i fleire år utan å bry seg om kviletidsreglar, slitne dekk og bremsesystem. Politiet har fått nok.

Bilbergingsbil frå Estland tatt i haugesund

Føraren av den estlandske bergingsbilen blei tatt av politiet i Haugesund på torsdag. Bilen er gjort utilgjengeleg for han.

Foto: Privat

– Han er ein fare for samfunnet og tryggleiken på vegane. Derfor ber me UDI om å fatta eit vedtak om utvising. Me håper dei avgjer saka i dag eller i morgon, seier Pål Gjil i utlendingsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.

Mannen han snakkar om er frå Estland, og har drive eit bilbergingsfirma. Firmaet har operert i Noreg i fleire år.

Fleire gonger har han blitt stoppa i trafikkontroll med ein spesialbil som har vore til fare for trafikken. Samstundes har han vist liten vilje til å retta feil og betala bøter.

Betaler ikkje bøter

Dokument NRK har fått frå Vegvesenet er oppsiktsvekkande, og viser litt av omfanget. Dei siste tre åra har estlendaren mellom anna fått køyreforbod heile seks gonger.

Sist gong mannen blei stoppa var i Eigersund sist veke.

Her blei han meld til politiet for feil på bremsesystemet, ulovleg folie på siderutene og alvorlege brot på kviletidsreglane.

Denne redningsbilen fekk ikkje køyra vidare

Dette bilde er frå den siste kontrollen spesialbilen frå Estland blei stoppa i. Sjåføren køyrde frå kontrollstasjonen utan å fiksa opp i feila som gav han køyreforbod.

Foto: Vegvesenet

Han fekk ikkje køyra vidare før han hadde kvilt og retta feila. Men då Vegvesenet pakka saman på kontrollplassen Krossmoen, gjekk det ikkje lang tid før estlendaren var på vegen igjen.

Vegvesenet fekk tips om dette, og kontakta politiet. Dagen etter, torsdag, blei mannen tatt i Haugesund. Nå ønsker politiet å utvisa han.

– Her er det inga tvil. Me vil ha utvising, ikkje bortvising. Dersom han blir vist bort, kan han berre snu når han kjem heim til Estland, og halda fram som han har heldt på lenge nå, seier Gjil i politiet.

Ein del av saka politiet har sendt til UDI går også på at han ikkje har betalt førelegga han tidlegare har fått. Samla er dei på 30.000 kroner. Gebyret han fekk sist veke, på 10.000 kroner, kjem i tillegg.

Kontroll i Mars 2018

Dette blei lagt ut på Vegvesenet si Twitter-side etter at den aktuelle bilen blei tatt i kontroll på Magnormoen i Hedmark i mars i fjor. Sjåføren fekk mellom anna køyreforbod for slitne dekk, og han blei meldt til politiet for ulovleg kabotasje og brot på køyre- og kviletidsreglane.

Foto: Bilde frå Vegvesenet si facebookside

Vil ikkje snakka med media

Lasse Andre Malmin jobbar i Falck, og seier at fleire i bilbergingsbransjen er letta over at politiet ser alvorleg på saka.

– Me har kjent firmaet i fleire år. Hadde han vore seriøs, hadde me ikkje hatt noko imot han, men måten han har operert på kan gi heile bransjen eit dårleg rykte.

Mannen frå Estland var fredag i politiavhøyr, og sit nå i Haugesund fengsel. Han ønsker ikkje å snakka med NRK, og har ennå ikkje fått utnemnt ein advokat.

Han skal få advokat før UDI eventuelt fattar vedtak om utvising, opplyser politiet.

Firmaet har hatt utanlandsk løyve for spesialbilen, men høyrer ikkje til nokon av dei norske bergingsselskapa. Oppdraga har ofte vore å frakta store, havarerte køyretøy ut av landet.