Hopp til innhold

Vegvesenet nekta bergingsbil å køyra vidare

Feil på bremsene, brot på køyre- og kviletidsreglane og folierte ruter. Dette var meir enn nok til å gje bergingsbilen frå Aust-Europa køyreforbod.

Denne redningsbilen fekk ikkje køyra vidare

Denne redningsbilen blei ståande på kontrollstasjonen til Vegvesenet på Krossmoen i Eigersund ved E39.

Foto: Vegvesenet

– Han var på veg til eit bergingsoppdrag, men fekk ikkje køyra vidare etter kontrollen her, seier overingeniør, Pawel Grusza, i Vegvesenet.

Onsdag kveld stoppa dei ein spesialbil for frakting av tyngre køyretøy ved E39 på Krossmoen i Eigersund.

Konklusjonen var at redningsbilen var til fare for trafikken.

Sjåfør meldt til politiet

Vegvesenet fann feil på bremsesystemet, og siderutene hadde ulovleg folie.

Bilen har utanlandsk løyve, og høyrer ikkje til eit av dei norske bergingsselskapa. Oppdraget var å frakta eit større køyretøy ut av landet.

– Me avdekte også alvorlege brot på køyre- og kviletidsreglane. Derfor har me meldt sjåføren til politiet, seier Grusza.

I tillegg blei han pålagd å kvila på kontrollstasjonen.

Ser alvorleg på saka

– Eg kan ikkje gå inn på kor mange timar han hadde køyrt samanhengane, men det var eit alvorleg brot, som me ser svært alvorleg på, seier Grusza.

Når sjåføren er utkvilt må han fiksa bilen sin før han kan reisa vidare, for å fullføra oppdraget han var på veg til.

Bilen kom køyrande heilt frå Aust-Europa, derfor gjeld ikkje unntaka frå kviletidsreglane, som i enkelte høve gjeld for bergingsbilar i Noreg.