Hopp til innhold

Russ fortvilar – fråstole musikkanlegg til 1,5 millionar

Plutseleg var høgtalarane vekke for ein russegjeng i Sandnes. Dei som har laga bussen fryktar fleire russetjuveri og ber om betre sikring.

Bunker 2022

NRK møtte ein nedbroten russegjeng frå gruppa Bunker 2022 tysdag ettermiddag. Store delar av musikkanlegget er borte vekk og snart er det landstreff.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

– Dette har øydelagt russetida vår. Me har ikkje lenger eit anlegg å spela musikk på, så me kan ikkje akkurat vera med å rulla og ha det kjekt med andre russ, seier Nicky Nguyen frå russegruppa Bunker 2022.

I fleire år har russegjengen frå Sandnes jobba for å få til den perfekte russebussen.

Og om berre tre dagar skulle den konkurrera om å bli årets buss på Noregs største russetreff, Landstreff Stavanger på Ålgård.

Men måndag morgon var bussdraumen knust. Høgtalarar til ei verdi på om lag 1,5 millionar kroner var borte vekk.

Russebuss

Her har tjuvar brote seg inn og tatt høgtalarane natt til måndag.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

– Beklageleg

Det var Jærbladet som først omtalte saka.

– Det einaste me kan gjera nå er å satsa på at andre medruss gir oss rulleplass og hjelper oss, seier Nguyen.

Bussen stod parkert på eit industriområde utanfor lokala til firmaet DinBuss på Orstad på Jæren då innbrotet skjedde natt til måndag.

Det er dei som har laga russebussen og leigd den ut til russegjengen frå Sandnes.

Firmaet står bak fleire kjente russebussar på Vestlandet, men har aldri før opplevd eit russetjuveri som dette i Rogaland. Dei har meld saka til politiet.

Bussbyggarane seier fleire folk må ha samarbeida om tjuveriet og at det må har vore godt planlagt.

– Det heile er beklageleg. Bussen ville hatt gode sjansar til prisar på landstreffet, men nå ryk dei fleste sjansane, seier Elias Barise som driv DinBuss.

Russebussen var ikkje forsikra. Det var heller ikkje russebussen som blei fullstendig utbrent ved Hellvik i Eigersund i april.

Forsikringsselskapa tilbyr nemleg ikkje forsikring til russebussar på grunn av for høg risiko.

– Dette blir eit tap for oss og me jobbar med å finna ei løysing med russen. Per i dag er ingenting avklart. Me ventar på svar frå politietterforskinga, seier Barise i DinBuss.

Russebuss

Den totale verdien på lydanlegget på bussen er på 2,5 millionar kroner. Delar av det står att, men høgtalarar til 1,5 millionar er stole.

Foto: Kritoffer Apall / NRK

Fryktar fleire russetjuveri

Liknande tjuveri har skjedd andre plassar i landet tidlegare år. Nå trur Barise det vil skje fleire gonger om det ikkje blir sett inn tiltak.

– Alle leverandørar og russ må jobba saman for å sikra dette på ein mykje betre måte. Russen betalar mykje pengar og då må me sikra verdiane.

Heile lydanlegget blei ikkje ribba frå Sandnes-bussen. Litt høgtalarar og forsterkarar blei liggande igjen.

Totalt er verdien på lydanlegget på 2,5 millionar kroner, ifølge Barise.

Politiet seier til Jærbladet at dei ikkje har nokon konkret mistanke om kven som står bak tjuveriet.

Dei sjekkar nå om det finst videoovervaking.

Politiet er også svært interesserte i tips dersom nokon har sett eller høyrt noko mistenkeleg.

Flere nyheter fra Rogaland