Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Vossingane meiner Sissel viser usømeleg framferd Av Egil Johan Ree (Real-Audio) 16 Kbps
Forfallet breier seg i samfunnet. Ingenting er som det var før i tida. Ungdommelege medlemer av kongehuset har stige ned i det utagerande folkelivet og gjort tilværet vanskeleg for gamle, trufaste monarkistar. Tunge aktørar som kronprins Haakon og Georg Apenes meiner vi bør diskutera framtida for kongedømet.
Slik vil me helst ha Sissel
Klenodiet Sissel har svikta oss
Og nå har jamvel Sissel Kyrkjebø svikta oss, dette nasjonale klenodiet som rett nok flytta til EU-landet Danmark, men som framleis er i stand til å vekkja djupe kjensler hos alle som hugsar dei gripande stundene ved fjernsynsskjermen med "Syng med oss" frå Grieghallen i Bergen. Der stod Sissel med sit lange, lyse hår framfor koret og rørde oss med røysta som skulle bli så vidkjend. Den fyrste song eg høyra fekk, kvad ho, Vestland, Vestland og mange andre.
Stramtsitjande bukser og farga hår
Men så flytta ho altså frå oss. Gifta seg med ein danske, fekk barn og skifta repertoar. Nå er ho tilbake med kortklipt, farga hår og stramtsitjande bukser. Ho syng ikkje lenger Vestland, Vestland og andre skikkelege songar. Nå syng ho moderne låtar og marknadsfører seg på video med songarkollegaen Espen Lind. Ho lar til og med den frivole makkeren stryka henne over magen, om vi har forstått det rett.
Sexfokusert framferd
Ikkje det minste rart at medlemene i Norsk kvinne- og familieforbund på Voss er vonbrotne. Nå krev dei at fjernsynet ikkje må syna Sissel Kyrkjebø i fjernsynet før ungane har lagt seg. På videoen med Espen Lind syner ho usømeleg og sexfokusert framferd som ikkje høver seg ei kvinne og mor, meiner damene på Voss. Dei har sendt brev både til Barne- og familiedepartementet og Kulturdepartementet. Departementa må gripa inn og syna større ansvar for korleis barn og unge blir påverka gjennom media, krev kvinne- og famileforbundet på Voss.
Vossedamene får leva på minna
Det er nok likevel fare for at dei bekymra forbundsmedlemene i den vakre vestlandsbygda ikkje får det svaret dei gjerne ville hatt frå departementet. Ministeren, Karita Bekkemellom Orheim fnyser i Dagbladet i dag. Det får vera måte på moralisering, seier ho. Dermed får nok vossedamene leva på minna om Sissel Kyrkjebø slik ho var før forfallet sette in. Og så får dei heller senda ungane sine så tidleg til sengs at dei ikkje får med seg Sissels usømelege framferd.