Hopp til innhold

Unge rømmer Stavanger

Skyhøge bustadprisar er ein av årsakene til at unge i Stavanger rømmer byen. Fleire flyttar til Sandnes, som for første gong opplever større vekst i folketal enn oljebyen.

Oversiktsbilde av Gladmatfestivalen 2010 i Stavanger

Det blir for dyrt for mange unge å bu i Stavanger. Bilete er frå Gladmatfestivalen i Stavanger sentrum i 2010.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Pål Morten Borgli

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), er svært nøgd med at dei veks meir enn storebror Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Stavanger merkar nå konsekvensane av sterk vekst, låg bustadbygging og skyhøge prisar.

Byen har nå landets desidert lågaste netto innflytting. Og for første gong auka også det reelle folketalet meir i nabobyen Sandnes, enn i oljebyen Stavanger.

Unge og barnefamiliar

– I første rekke er det unge folk, og ofte barnefamiliar, som flyttar frå Stavanger til Sandnes, seier Trond Kristoffersen, som er dagleg leiar i Sandnes Sparebanks eigendomformidling.

– Etablerte folk som allereie bur i Stavanger har ofte opparbeidd seg ein eigenkapital, som gjer at dei har moglegheit til å finna seg noko i same område.

Nær dagleg registrerer han tendensen i flyttemønsteret på Nord-Jæren.

Unge flyttar frå Stavanger, og busett seg i Sandnes. Det merkar ein også på folkeveksten.

– Dette har vore ein tendens dei siste fem til sju åra, men me har definitivt sett ein auke dei to til tre siste åra, seier Kristoffersen.

– Kva er årsaka til dette trur du?

– Som Sandnes-gut kan eg ikkje sei anna enn at Sandnes er ein flott by å bu i, men eg trur nok pris også er viktig.

Innvandring og fødselsoverskot står for vekst i Stavanger

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at folkeveksten i Sandnes frå april i fjor til april i år var på nærmare 1.900 personar.

I Stavanger var veksten 1.600 mot nær 2.000 året før, og 2.300 året før det. Byen ligg på desidert sisteplass i landet, over kommunar som har lågast netto tilflytting frå andre kommunar.

At det i det heile tatt er vekst i folketalet skuldast i all hovudsak innvandring, og eit lite fødselsoverskot.

Nøgd varaordførar

– Me har mange unge i Sandnes, og ynskjer endå fleire velkomne, seier varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli.

Han forklarar veksten til Stavanger sin naboby slik:

– Me har areal og me bygg mykje, sjølv om me kanskje burde bygd meir. Det byrjar å bli ganske dyrt i Sandnes også nå, men at eigendomsprisane er høge er positivt, i den forstand at det er eit teikn på velstand. Men frå nå av må me ha ei fornuftig vekst i prisane og unngå ein kraftig auke, seier Borgli som er svært glad for å kunna ta imot unge frå Stavanger.

Han meiner det er uunngåeleg at Sandnes ein gong vil veksa seg større enn Stavanger.

– Her har me areala og her vil veksten bli vedvarene.

– Kommunesamanslåing er alltid eit tema. Kva har å bety for denne debatten?

– Me er store nok til å stå på eigne bein, det er Stavanger også. Men me veks jo saman, og det er mange som vil ha kommunesamanslåing. Sjølv trur eg det vil koma endringar i kommunestrukturen, men eg trur ikkje det er Stavanger og Sandnes som vil peika seg ut som dei naturlege partnarane.