Hopp til innhold

Nå er ukrainske Kateryna (25) sine norskkunnskapar gull verdt

Kateryna Yevseiehyk (25) lærte seg norsk etter ein noregsferie i 2018. Nå har den ukrainske flyktningen blitt norsklærar i sitt nye heimland.

Kateryna Yevseiehyk

– Kollegaene mine er fantastiske og elevane er veldig flinke. Eg trur dette går bra, seier Kateryna Yevseiehyk om sin nye jobb ved Nærbø ungdomsskule i Rogaland.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Eg blei heilt forelska i landet, kulturen og språket. Eg bestemte meg for at ein dag skal eg læra meg norsk, seier Kateryna Yevseiehyk (25).

25-åringen frå Ukraina fortel om noregsferien i desember 2018. Heime i Kyiv hadde ho eit puslespel med Geirangerfjorden.

Den store draumen om å besøka fjellandet i nord var plutseleg ein realitet.

Under koronaen lærte ho seg også norsk. Eigentleg skulle ho bruka pengane på ein konsert. Men då den blei korona-avlyst, blei det heller norskkurs på nettet.

På litt meir enn to år lærte ho seg flytande norsk.

Då krigen braut ut ville ho eigentleg ikkje dra frå heimlandet. Men då ho måtte, var det Noreg som kjentest mest heime.

– I ei vanskeleg tid er det veldig viktig å gjera det du kan best. Dei som kan kjempa, må kjempa. Dei som kan undervisa, må undervisa.

Kateryna Yevseiehyk

Kateryna Yevseiehyk på ferie i Noreg i desember 2018.

Foto: Privat

Blant dei første som får jobb

Derfor er den ukrainske læraren kjempeglad for at ho nyleg fekk jobb ved Nærbø ungdomsskule på Jæren.

Ho er blant dei første ukrainske flyktningane her i landet som har kome seg i arbeid.

Skulen i Rogaland har nå 15–16 ukrainske flyktningar blant sine elevar, men skal ta imot eit par til.

– Eg synst det er fantastisk at språk kan gi meg denne moglegheita. Eg kom hit som flyktning og nå kan eg hjelpa og samstundes tena pengar, seier 25-åringen, som starta i den nye jobben rett over påske.

Linda Hadland Forsmo

Rektor ved Nærbø ungdomsskule, Linda Hadland Forsmo.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Rektoren er full av lovord om nytilsettinga.

– Fordelen med Kateryna er at ho sjølv kom som flyktning frå krigen og kjenner på ein del av det same som elevane. I tillegg kan ho morsmålet deira, seier rektor ved Nærbø ungdomsskule, Linda Hadland Forsmo.

Også dei ukrainske elevane er glade for å læra norsk av ein lærar som kan morsmålet deira.

– Eg er veldig glad for moglegheita for å studera i Noreg. Dersom me skal bli i Noreg, må me læra språket, seier elev Raiana Tushtarova.

Kateryna Yevseiehyk

Kateryna Yevseiehyk underviser ukrainske flyktningar ved Nærbø ungdomsskule.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Vanskeleg å få jobb

Men for mange ukrainske flyktningar er det vanskeleg å koma ut i jobb i Noreg.

Ukrainske Mira Mira Vorotyntseva såg jobbdraumen falla i grus på grunn av lang saksbehandlingstid hos UDI.

Den ukrainske læraren på Nærbø håpar på jobb til fleire.

– Det trengst folk i arbeid og mange ukrainarar eg veldig flinke. Men utan språk blir det veldig vanskeleg å finna jobb. Folk som hadde business og jobb i Ukraina føler seg hjelpelause, seier Yevseiehyk.

25-åringen er i Noreg og på Jæren saman med veslesøstera på 19 år. Ho er student som nå har fått seg ein deltidsjobb. Foreldra er heime i Kyiv.

– Eg ville ikkje hatt fred med meg sjølv dersom eg ikkje hadde hatt søstera mi med meg. Me kranglar og har konfliktar, men det er ikkje så viktig nå. Me er trygge og ho er den viktigaste personen i livet mitt.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg