Forrige veke sa to av seksjonsoverlegane ved kirurgisk-ortopedisk klinikk på sentralsjukehuset opp leiarstillingane sine.
I går gjekk tre nye overlegar i same fotspor og fleire oppseiingar er i vente dei neste dagane.
Sjukehusdirektør ved Sentralsjukehuset i Rogaland, Erik Tjemsland meiner oppseiingane er både uheldige og unødvendige.
Økonomiske kutt
Legane seier opp leiarstillingane på grunn av store økonomiske kutt og behandlinga klinikkdirektør Tom Glomsaker har fått.
Tjemsland seier kutta kjem etter krav frå styret og eigar, og vil ikkje kommentera Glomsaker-saka.
Han seier situasjonen er dramatisk og vil prøva å finna ei løysing på problemet saman med den fungerande klinikdirektøren.