Hopp til innhold

Kommunelegen varslar tuberkulosetiltak

Det er påvist tuberkulose hos ein tilsett i ein barnehage i Eigersund. Det er ikkje påvist smitte hos nokon av barna eller dei andre tilsette, men førebyggjande tiltak blir sette i verk.

Kiellandskogen barnehage.

Barn og tilsette ved Kiellandskogen barnehage, som har hatt nær kontakt med dei sjuke, vil bli undersøkte.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det skriv Eigersund kommune i ei pressemelding seint måndag kveld. Barnehagen det gjeld er Kiellandskogen barnehage.

Det er også ein annan innbyggjar i Eigersund som har fått påvist tuberkulose, men det er ikkje kjent om desse to har felles smittekjelde.

Eigersund kommune ved kommuneoverlegen set difor i verk ei undersøking for å avdekka eventuell tuberkulosesmitte i Kiellandskogen barnehage. Det blir også sjekka for tuberkulosesmitte i nettverket til den andre som er smitta.

– Ikkje uvanleg

– Det er ikkje uvanleg at ein fin ein person som har tuberkulose, men det er ein del arbeid med omstenda rundt eit slik funn, og det er det me nå jobbar med. Vi lager ei kartlegging i det miljøet vedkommande har bevega seg i dei tre siste månadene, seier Bjarne Rosenblad, som er kommunelege i Eigersund.

Utgreiing og behandling skjer etter nasjonale retningslinjer for tuberkulose og i samarbeid med barneklinikken/tuberkulosestasjonen på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Barn og tilsette som har hatt nær kontakt med dei sjuke, vil bli undersøkte. Dette gjeld blant anna alle tilsette og alle barn i Kiellandskogen barnehage. Det blir heldt eit møte med foreldre/føresette til borna i barnehagen tysdag.

Effektive behandlingar i Norge

– På verdsplan er tuberkulose ein sjukdom som tek mange liv. Grunnen til dette er at tuberkulose ofte utspelar seg i land som ikkje har moglegheit for å behandla sjukdommen, seier kommunelegen.

– Men her til lands har me effektive behandlingar for dette?

– Her til lands er det effektive behandlingar for dette. Viss ein blir smitta av tuberkulose, så kan ein gå med denne bakterien i seg i månadsvis eller årevis utan at ein nokosinne sjølv utviklar sjukdommen. Det betyr at ein berre går rundt med bakterien i seg utan å smitte andre, seier Rosenblad.

Dei tilsette fekk vita om utbrotet i dag, måndag.