NRK Meny
Normal

Trur bøndene treng trim

Jan-Arild Anda snører på seg joggeskoa før fem om morgonen, og er ferdig med trimmen før dyra rekk å bli utolmodige. Eit nytt prosjekt skal få bønder i betre form.

Leiaren i Klepp bondelag ønsker prosjektet "sprek bonde" til kommunen

Leiaren i Klepp bondelag, Jan-Arild Anda, meiner trening er viktig for å vera ein god bonde.

– Dagen går lettare og eg blir meir glad og positiv, forklarer bondelagsleiaren i Klepp, Jan Arild Anda.

Det er grunnen til at han står opp før fuglane fleire dagar i veka, for å få unna treninga før han byrjar morgonstellet i fjøset.

Nå håper han å motivera fleire bønder i distriktet til å koma i gang med organisert trening, og vil ha prosjektet «Sprek og glad bonde» til Rogaland.

Seriøst opplegg

Lokallagsleder Øyvind Skarstad i Namsskogan

Øyvind Skarstad frå Namsskogan i Nord-Trøndelag er både bonde, coach og gründer – og så vil han ha bønder i betre form.

Foto: Karin Jegtvik/NRK

– «Sprek og glad bonde» har utspring i ein idé frå fjellandbruket i Trøndelag. Me laga eit opplegg for bønder som var interesserte i å koma i betre form, både for å betra trivselen på garden, og også for å betra driftsresultata sine, seier opphavsmann og bonde Øyvind Skarstad frå Namsskogan i Nord-Trøndelag.

Ideen er at deltakarane skal gjennomføra eit treningsopplegg på seks til åtte månadar, der oksygenopptak og fysisk form blir målt før og etter innsats.

Prosjektet har vore ein suksess, og Skarstad har no planar om å spreie opplegget til resten av landet.

Maskinane har teke over for musklane

– Norsk landbruk i dag har meir og meir mekanisering av arbeidsoppgåver. Mange trur nok at me bønder har mykje fysisk arbeid, men det er nok på veg ut, trur han.

Så når maskinane tek over for musklane, treng bøndene å slite litt på si. Dette håper han å få sett i system gjennom prosjektet sitt.

– Både treninga og den mentale biten er viktige her, det å setje seg mål – og gjennomføre, understrekar Skarstad.

Han håper «sprek og glad bonde» kan veksa i tida framover. Arbeidet er i gang, forsikrar han.

– Draumen min er at fysisk aktivitet i landbruket blir ei sjølvfølge, seier Skarstad.