Hopp til innhold

Tre sikta etter dykkarulukke

For to år sidan døydde 59 år gamle Trond Ytreland då han var under dykkaropplæring i Haugesund. Nå er instruktøren og leiarane i firmaet som leverte dykkardrakta sikta i saka.

Ein mann omkom i dykkarulukke i Haugesund

Det var 1. mars ein mann i slutten av 50-åra frå Karmøy kom på land i Kvalsvik i Haugesund med store problem. Det blei sett i verk livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda. (Foto: Jan Kåre Ness)

Tre personar er nå sikta etter dykkarulukka i Kvalsvik, nord i Haugesund, mars 2014. Det skriv Haugesunds Avis.

59 år gamle Trond Ytreland omkom på grunn av at dykkardrakta hans var stramma for hardt i halsen. Politiet meiner at selskapet i Haugesund som leverte drakta er ansvarleg for utstyret etter protokollova, og har derfor sikta dagleg leiar og avdelingsleiar i dette firmaet.

I tillegg er dykkarinstruktøren som var ansvarleg for kurset sikta for brot på arbeidsmiljølova, med underliggande forskrifter, som instruktørar er underlagt.

Dersom politiet hadde venta lenger med å ta ut sikting i saka hadde den blitt forelda, skriv avisa.

Alle tre er gjort kjent med siktingane.