Hopp til innhold

Mann omkom i dykkarulukke i Haugesund

Ein mann i slutten av 50-åra omkom i ei dykkarulukke i Haugesund laurdag ettermiddag.

Ein mann omkom i dykkarulukke i Haugesund

Ein mann omkom i ei dykkarulukke i Haugesund laurdag ettermiddag. Foto: Jan Kåre Ness.

Ulukka skjedde i Kvalsvik, nord i Haugesund. Det var fleire dykkarar i sjøen då ulukka skjedde.

– Ein mann i slutten av 50-åra frå Karmøy kom på land med store problem. Det blei sett i verk livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg til NRK.no.

Naudetatane, samt Luftambulansen, blei sendt til staden for å hjelpa til i arbeidet. Ifølge politiet gjekk det føre seg dykkaropplæring på staden.

– Den omkomne fekk problem i samband med dykket. Han fekk hjelp i sjøen og kom seg til land. Trass langvarig arbeid med å få liv i mannen, lukkast ikkje dette, opplyser Friberg.

Det er ikkje kjent kva slags problem den omkomne fekk i sjøen, eller om det var noko gale med utstyret.

Politiet fekk melding om ulukka via AMK klokka 14.09. Pårørande er varsla om dødsfallet.