Etter fleire tips om ein livlaus person i eit vatn nær marknadsplassen Max Euweplein, som ligg bak eit konsertlokale i Amsterdam sentrum, rykka politiet i ettermiddag ut til staden.
Om lag klokka 16.30 fann politiet eit lik.
– Det låg i vatnet under ei bru nær Max Euweplein. Nå har me dykkarar i området som skal få kroppen opp av vatnet. Etterpå vil arbeidet med å identifisera kroppen ta til, seier Ingrid Lemeer, som er talskvinne i Amsterdam-politiet, til NRK.
Funnet gjort i nærleiken av hotellet
Klokka 18 opplyser politiet i Amsterdam at liket er henta opp av vatnet, og at det blir sendt vidare til identifikasjon.
Litt før klokka 19 stadfestar politiet i Amsterdam at det er den sakna Tore Grødem (21) frå Bryne som er funnen død. Familien til Tore er informert om funnet og at liket er identifisert.
Funnet blei gjort i nærleiken av der Tore Grødem budde. 21-åringen har vore sakna frå den nederlandske hovudstaden sidan 19. desember.
– Me er sikre på at det er Tore på bakgrunn av bilete og opplysningar me har av han og på grunnlag av personlege gjenstandar me fann, seier Lemeer i Amsterdam-politiet.
(Artikkelen held fram under bilete).
Politiet ved kanalen der dei fann Tore Grødem i dag.
Foto: AT5 NieuwsForsvann etter bytur
Rogalendingen forsvann etter ein tur på byen i Amsterdam. Den siste sikre observasjonen av mannen var på eit overvakingskamera på hotellet han budde klokka 5 om morgonen.
Dei siste dagane har det gått føre seg ein storstilt leiteaksjon etter 21-åringen, både i kanalen utanfor hotellet der han budde og i ein park og eit tjern i nærleiken av hotellet.
Saka har fått mykje merksemd i nederlandsk media og opptek folk i Amsterdam, ifølge ein drosjesjåfør NRK snakka med i går.
Tore Grødem blir nå obdusert ved eit likhus i Amsterdam for å få svar på kva som har skjedd og om det eventuelt har skjedd noko kriminelt med han.
Familien til Tore, som er i Amsterdam, blir tatt hand om av politiet og får oppfølging.