Hopp til innhold

– Forsvinninga er forferdeleg

Drosjesjåfør Fred van Duinen i Amsterdam seier forsvinninga til Tore Grødem (21) frå Bryne opptek folk i den nederlandske hovudstaden.

Fred van Duinen

Drosjesjåfør Fred van Duinen i Amsterdam seier forsvinninga til Tore Grødem er forferdeleg og at saka opptek folk i byen.

Foto: Mathias Oppedal

– Folk i Amsterdam er alltid veldig lei seg når ein turist forsvinn. Tore forsvann før jul, og det gjer det heile ekstra spesielt. Kvar dag står det om leiteaksjonen i avisene, seier drosjesjåfør Fred van Duinen til NRK.

21 år gamle Tore Grødem har vore sakna frå Amsterdam sidan natt til 19. desember. Det går føre seg ein storstilt leiteaksjon etter 21-åringen, men foreløpig utan resultat.

I går var militæret med på ein leiteaksjon i kanalen utanfor hotellet der han budde, men søket var resultatlaust.

Resultatlaust søk

Tore Grødem

Tore Grødem (21) er sakna i Amsterdam.

Foto: privat

I dag gjennomsøkte politiet eit tjern i Vondelpark, like i nærleiken av hotellet. Politihundar blei brukt, og dei markerte ein plass i parken. Men politiet søkte utan resultat og trur derfor hundane responderte på eit daudt dyr eller noko anna.

– Utfallet var glimrande, eigentleg. Så lenge han ikkje er funnen er det håp, men det var ei rimeleg ekkel kjensle å sjå dei leite, seier far Stein Grødem, som er i Amsterdam for å leita etter sonen sin.

– Me prøver å finna han og me gjer vårt beste. Foto av Tore er ute i aviser og på tv, også nasjonale aviser skriv om aksjonen, seier drosjesjåfør van Duinen.

21-åringen frå Bryne forsvann etter ein tur på byen i Amsterdam. Den siste sikre observasjonen av mannen var på eit overvakingskamera på hotellet han budde klokka 5 om morgonen.

Tenker på familien

Inngangsdøra til hotellet var stengt, og Tore kom seg aldri inn på hotellet.

– Det er ikkje andre ord for det enn at det er forferdeleg. Spesielt for familien i Norge som nå er i byen for å prøva å finna sonen sin, seier Fred van Duinen.

Amsterdam-politiet har sett av 11 mann som leiter gjennom foreløpig 25 tips, og ser gjennom eit omfattande videomateriale frå overvakingskamera.

– Me ber framleis folk og vitne om å ta kontakt dersom dei har informasjon om saka. Dersom informasjonen tilseier at me bør leita andre plassar, vil me sjølvsagt gjera det. Me vil finna Tore, seier Ingrid Lemeer, talsperson for politiet i Amsterdam.

Bilete av Tore er også blitt delt ut til alle dei 6000 politifolka som jobbar i Amsterdam.

I fjor blei 16 turistar meldt sakna i Amsterdam.

Stein Grødem og kona er i Amsterdam for å lete etter sønnen sin Tore Grødem (21).

VIDEO: Stein Grødem og kona er i Amsterdam for å leita etter sonen sin, Tore Grødem (21). Foto: Mathias Oppedal/NRK.