– Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i forkant av drukningsulukka, seier talsmann i politiet i Amsterdam, Franx Zuiderback til NRK.
Etter å ha vore sakna i tre veker blei 21 år gamle Tore Grødem frå Jæren funnen i ein kanal i Amsterdam i klokka 15.30 i går.
– Det var passasjerar i ein turistbåt som oppdaga han, og varsla politiet, fortel Zuiderback til NRK.
Obdusert
Nå er obduksjonen ferdig og politiet konkluderar med at det ikkje har skjedd noko kriminelt i samanheng med dødsfallet.
Mobiltelefonen til Tore er likevel ikkje funnen, men politiet meiner at han kan ha hatt den i handa og mista den då han falt uti.
– Tore Grødem blei identifisert med hjelp av identifikasjonskort han hadde på seg og tatoveringar på kroppen. Obduksjonsrapporten slår fast at han døydde av drukning og at det ikkje ligg noko kriminelt bak dødsfallet, seier Zuiderback.