Tok førarkort etter trafikkulukke

Politiet trur ein mann i 20-åra hadde drukke alkohol før ei trafikkulukke på E39 i Sandnes i natt. Ulukka skjedde ved den gamle brannstasjonen. Mannen verka uskadd, men bilen fekk store skader. Politiet har tatt førarkortet hans.