Hopp til innhold

Dette skal gjera at kunstgrasbanar ikkje blir eit miljøproblem

Ei ny oppfinning kan erstatta miljøskadeleg gummi i kunstgrasbanar. Etter positive lab-testar, er banetestar i Kristiansand siste nålauga.

Klaus Tveita

Klaus Tveita viser fram det nye granulatet, basert på cellulose og hemicellulose frå tre, som skal produserast på Hjelmeland i Ryfylke. Målet er at dette skal erstatta gummi frå gamle bildekk som innfyll i kunstgrasbanar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Målet er at produktet vårt skal erstatta gummigranulatet på kunstgrasbanar. Banen ser lik ut som før, men det er gummien som blir byta ut, seier påtroppande dagleg leiar i Goe-production AS, Klaus Tveita.

Det er selskapet Goe-production AS som skal produsera det nye fyllet til kunstgrasbanar. I første omgang er det snakk om ein testproduksjon.

Det skal erstatta miljøskadeleg gummigranulat frå norske bildekk.

Dei svarte, små gummikulene er det som i hovudsak blir brukt som fyllmasse i dei 1750 norske kunstgrasbanane i dag.

Det gjer at kunstgrasbanar er den nest største kjelda til utslepp av mikroplast til naturen, og nyleg fortalde NRK at utsleppet er dobbelt så stort som tidlegare anslått.

Testa av FIFA-laboratorium

Det er det maritime selskapet Aboat og oljeselskapet Goe-IP frå Stavanger som har utvikla det nye fyllet som er basert på cellulose og hemicellulose frå tre.

Granulatet er eit reint biologisk produkt som blir brote naturleg ned i naturen når det hamnar utanfor banane.

Øystein Glad

Idrettssjef i Kristiansand kommune, Øystein Glad.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Produktet har vore gjennom testar hos laboratorium som er godkjende av Det internasjonale fotballforbundet, FIFA.

– Testresultata er gode, både innanfor målekrava til breidde- og profesjonell toppidrett, seier Tveita.

Det som står att for å få eit fullferdige godkjentstempel frå FIFA er banetestar. Det skal snart skje på fire banar på treningsfeltet Sukkervann i Kristiansand.

Det nye granulatet skal prøvast på banane i eitt års tid før testen er fullført. Då får produktet prøvd seg på alle årstider.

– Det er utruleg spanande å vera med å bidra til å utvikla eit miljøvennleg granulat, seier idrettssjef i Kristiansand kommune, Øystein Glad.

– Kor stort problem har gummigranulat på kunstgrasbanar vore for Kristiansand?

– Det er eit stort problem og me har hatt mykje granulatflukt i vårt distrikt. Få av våre 45 banar i Kristiansand har tiltak for å hindra forureininga, seier Glad.

Nytt innfyll kunstgrasbanar

Slik ser det nye granulatet ut. Produktet har vore gjennom testar hos laboratorium som er godkjende av FIFA.

Foto: Goe-IP

NFF: – Store forventningar

Noregs Fotballforbund (NFF) er også begeistra for planane. NFF har vore med i prosessen i to-tre år og har tilrådd å prøva ut produktet på banar.

– Me har store forventningar og håpar dette kan vera eit gjennombrot, seier anleggskonsulent for Vestlandet og Agder i NFF, Jon Asgaut Flesjå.

Jon Asgaut Flesjå

Anleggskonsulent for Noregs Fotballforbund, Jon Asgaut Flesjå.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Kan dette erstatta gummigranulat frå bildekk i kunstgrasbanane fullt ut?

– På sikt kan dette fase ut syntetisk fyll i banane, anten det er snakk om plast eller gummi. Nå er me spente på responsen frå fotballspelarane.

Flesjå påpeikar at gummi er mjukt, medan tre er eit hardare materiale.

– Me er spente på om dette gir dei same gode speleeigenskapane som kombinasjonen gummigranulat og kunstgras tradisjonelt har hatt.

Kiellandsmyrå

Berre frå ein enkelt kunstgrasbane forsvinn mellom tre og fem tonn gummi på eitt år. Kvar nye fullskala bane har i snitt 100 tonn gummigranulat ved oppstart, ifølge Miljødirektoratet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Mange alternativ er prøvd før

Det er frå før prøvd ut fleire ulike erstatningar til gummi frå bildekk som fyll i kunstgrasbanar.

Kork, sand og olivenkjernar er blant ulike alternativ.

– Kva gjer så dette produktet så spesielt?

– Det består av eit råstoff som er tilgjengeleg og kan produserast lokalt. Det har også vist gode eigenskapar og lang haldbarheit. Det er få ulemper med dette, meiner Tveita i Goe-production AS.

Klaus Tveita

Påtroppande dagleg leiar i Goe-production AS, Klaus Tveita.

Foto: privat

Selskapet har alt nå 180 førespurnader frå ulike kjøparar ute i Europa. Dei ønsker å bestilla produktet så snart det er godkjent.

Produksjonen skal skje på Hjelmeland i Ryfylke. Her er dei tett på råstoffet, altså norsk skog. Målet er å vera i kommersiell drift i 2023.

Ifølge produsenten trengst det 10 personar i produksjonen for å levera til 100 banar på eitt år.

– Dette vil heilt klart gi fleire arbeidsplassar og ringverknader i lokalsamfunnet, seier Tveita.

Nytt innfyll kunstgrasbanar
Foto: Goe-IP

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg