Hopp til innhold

Utsleppet frå kunstgrasbanar dobbelt så stort som tidlegare prognosar

Norske kunstgrasbanar er eit dobbelt så stort miljøproblem som tidlegare anslått, ifølge ny rapport. Erfaringar frå nye anlegg gir likevel håp om å redusera forsøplinga.

Kiellandsmyrå

Berre frå ein enkelt kunstgrasbane forsvinn mellom tre og fem tonn gummi på eitt år. Kvar nye fullskala bane har i snitt 100 tonn gummigranulat ved oppstart, ifølge Miljødirektoratet. Det varierer kor ofte banane blir etterfylte.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Førre gong var me konservative og forsiktige i anslaga. Då sa me at berre halvparten av gummigranulatet var mikroplast. Alle studiar seier nå at all gummigranulat er mikroplast, seier prosjektleiar i Mepex, Peter Sundt.

Han har leia arbeidet med den ferske rapporten som er laga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Den slår fast at mikroplastutsleppet frå norske kunstgrasbanar er dobbelt så stort som tidlegare anslått.

Altså forsøplinga av dei svarte gummikulene som blir brukt som innfyll i dei fleste kunstgrasbanane.

Dei gamle prognosane frå 2014 har sagt at 1500 tonn gummigranulat frå norske kunstgrasbanar kvart år hamnar i naturen.

Ifølge den nye rapporten er 2014-tala justerte til 3000 tonn.

Prosjektleiaren understrekar likevel at dei siste tala for 2020 kan ha eit spenn frå drygt 2600 tonn til opp mot 9800 tonn årleg utslepp.

– Tala viser eit større omfang av utsleppet, men er veldig usikre. Ein bane kan for eksempel ha veldig orden, ein anna bane med dårleg snømåking kan ha heilt andre tal.

Simon Møllegaard

Fotballspelar Simon Møllegaard trivst godt på kunstgras, men mislikar gummigranulat som legg seg i fotballskoa. Her frå nye Kiellandsmyra i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Mål om å stansa 90 prosent forsøpling

Det er gummigranulat frå gamle bildekk som blir brukt som fyllmasse for plastgraset og gjer at kunstgrasbanar er den nest største kjelda til utslepp av mikroplast til naturen.

I Noreg har me i dag om lag 1750 kunstgrasbanar og dei aller fleste bruker gummigranulat som innfyll.

– Det er eit stort problem fordi mikroplast forsvinn ut i naturen og hamnar i magen til fisk og inn i økosystema våre. Å få bukt med dette er ei viktig miljøsak, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Derfor har regjeringa nyleg vedtatt ei forskrift med ei rekkje krav som skal hindra forureininga frå kunstgrasbanar (sjå faktaboks).

Fysiske barrierar rundt banane er blant dei viktigaste tiltaka, ifølge regjeringa.

– Me anslår at med desse tiltaka kan me stoppa rundt 90 prosent av gummigranulatet frå å ein dag finne vegen ut i økosystemet, seier Rotevatn.

Kiellandsmyrå

Ein mur rundt kunstgrasbanen er blant tiltaka som viser seg å ha god effekt på Kiellandsmyra i Stavanger. Fysiske barrierar rundt banane er også blant krava i det nye regelverket til regjeringa.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Gode erfaringar i Stavanger

Stavanger er blant kommunane som alt er godt i gang med å oppgradera sine 37 kunstgrasbanar etter dei nye krava.

På nye Kiellandsmyra like ved motorvegen E39 i Stavanger er det støypt ein mur rundt heile anlegget for å unngå gummi på avvege.

Jon Asgaut Flesjå

Anleggskonsulent for Noregs Fotballforbund, Jon Asgaut Flesjå.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Det er også sett fram skobørstar og informasjonsplakatar som ber deg «tørka av deg».

– Me er nøydde til å bidra til at me ikkje forsøplar, så me må satsa på tiltak for å hindra granulatflukt, seier landskapsarkitekt Falk Weihs i Stavanger kommune.

Anleggskonsulent for Norges Fotballforbund (NFF), Jon Asgaut Flesjå, rosar kunstgrassatsinga til Stavanger.

– Både erfaringar frå Sverige og undersøkingar nå også frå Noreg viser at ein reduserer svinnet til eit minimum.

Tørk av deg

Informasjonsplakatar som denne er blant miljøtiltaka på fleire kunstgrasbanar i Stavanger kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ingen direkte støtte

Men dei nye krava til kunstgrasbanane er kostbare for frå før stramme klubb- og kommunebudsjett.

Klimaministeren kan likevel ikkje lova direkte støtte til miljøtiltaka for kunstgrasbanane.

– I Noreg har me prinsippet om at forureinar betalar. Det betyr at dei som står for ting som forureinar i utgangspunktet må ta kostnaden for å dette sjølv, seier han.

Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Statsråden meiner likevel regjeringa tar omsyn ved at dei seier at investeringane ikkje må bli gjort før banane uansett skal rehabiliterast.

SV vil fremja eit forslag på Stortinget 11. mai om å forby gummigranulat på nye kunstgrasbanar frå 2023 og frå 2025 for dagens banar.

Men i går sa fleirtalet i energi- og miljøkomiteen på Stortinget at dei er ueinige i forslaget.

Dei vil først sjå om dei nye krava som skal hindra spreiing av granulat verkar.

Flere nyheter fra Rogaland