Tida som står att fram til planlagt opning av T-forbindelsen 29. mai er ikkje lang nok, melder Statens vegvesen. Derfor utset dei opninga.
– Etter møte med elektroentreprenøren ser vi at tida som står att fram til 29. mai ikkje held, seier prosjektleiar Rune Sandven.
Ifølgje vegvesenet treng dei noko meir tid for å bli ferdig med arbeidet i Karmøytunnelen. Heile 151 kamera er sett opp i tunnelen, men det er oppdaga ein feil som gjer at dei må byttast ut.
151 kamera må byttast ut
– Nokre kamera har ein feil, men alle må byttast ut før vi kan opne vegen. Dei er svært viktige for sikkerheiten i tunnelen, forklarer Sandven.
– Kvart kamera reagerer på uvanlege hendingar, som til dømes viss ein bil får motorstopp i tunnelen. Då skrur kameraet som er i nærleiken seg på og Vegtrafikksentralen blir varsla, legg han til.
Når elektroentreprenøren er ferdig med arbeidet skal prosjektleiinga teste
utstyret og gjennomføre brannøving i Karmøytunnelen. Før opning må også Vegdirektoratet godkjenne sikkerheita.
– I dag kan vi ikkje seie kor lenge vi må utsetje opningstidspunktet, men vi kjem tilbake så snart som mogleg med nytt opningstidspunkt, fortel Rune Sandven.
I desember 2012 vart det oppdaga svelleleire i Karmøytunnelen. Arbeidet med å rette opp dette har teke tid, men prosjektleiinga trudde lenge at opningsdatoen skulle halde grunna gode tidsmarginar.