Protestane var høglytte og mange i tida før ferja til Skudeneshavn blei lagt ned.
Underskriftskampanjen mot nedlegginga fekk heile 3500 signaturar. Folk frykta for framtida utan ferje fordi reisetida til Stavanger ville bli lenger via det nye t-sambandet og Boknafjordsambandet.
Men protestane vann ikkje fram og torsdag 5. september 2013 blei siste dagen ferja «MF Fjordveien» gjekk til Skudeneshavn.
- LES OGSÅ:
4.000 besøkande i sommar
Drygt 14 månader etter ferjenedlegginga er tonen ein heilt annan, og det verkar som at byen har kome seg over tapet av ferjesambandet til Mekjarvik.
Etter at ferja til Skudeneshavn blei lagt ned er det heilt slutt på gjennomgangsturismen. Nå kjem folk til Skudenes for å oppleva Skudenes.
Ferske tal viser at opp mot 4.000 besøkande oppsøkte turistinformasjonen dei tre sommarmånadane i år.
Dette er tal leiar for handelsstanden i byen, Geir Sommerfeldt, gler seg over.
– Dei som kom med ferja stoppa ikkje opp i Skudeneshavn. Dei skulle berre vidare. For min del har eg selt mange fleire bilar det siste året, og eg har hatt fleire kundar frå Stavanger. Det er lettare for folk i Stavanger å komma opp til oss nå fordi dei veit det går to timar frå Stavanger sentrum.
Ikkje trist lenger
Og Sommerfeldt er ikkje åleine om å oppleva auka besøk etter ferjenedlegginga.
– Etter at ferja er lagt ned stoppar folk litt lenger. Dei tar seg litt mat og bruker litt lenger tid i Skudeneshavn, seier Marit Hillesland, fjerdegenerasjons bokhandlar i Skudeneshavn.
Saman med foreldra og to søsken driv ho Hillesland Libris midt i sentrum av sommarbyen. Hillesland er på mange måtar glad for at ferja til Stavanger forsvann.
– Eg hugsar då ferja fløyta for siste gong. Eg synst det var litt trist akkurat der og då, men ikkje nå. Me har fått tunnel og kan komma til Stavanger på andre måtar, og folk kan komma hit på andre måtar, seier ho.
Og folket heilt sør på Karmøy ser også lyst på framtida.
– Det er heilt klart det er ei god framtid for Skudenes. Handelsstanden har gjort det bra, industrien har gjort det veldig bra og det skjer generelt mykje positivt, seier leiar i Skudeneshavn Arena, Jan Henrik Høines.