Hopp til innhold

Frp vil fjerna nynorsk i skulen: – Elevar blir forvirra av sidemål

Svake elevar får det lettare om dei slepp å bry seg med nynorsk, hevdar Frp-politikar i Rogaland. Språkdirektøren avviser påstanden.

Mads Danielsen

Mats Danielsen meiner mange elevar får det enklare utan sidemål.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Nye fylkesting er på plass over heile landet, etter valet i september i år. I det første skikkelege fylkestingsmøtet går Frp i Rogaland til kamp mot nynorsken.

– Sidemålet skaper forvirring for elevane i vidaregåande, spesielt for dei som er svake i norskfaget. Sidemålet må vekk, seier Mats Danielsen, fylkestingsrepresentant for Frp i Rogaland.

Støtte blant elevar

Det er ikkje vanskeleg å finne støtte for Danielsen sitt syn blant vidaregåande elevar i Stavanger.

– Heilt ærleg, det verkar veldig unødvendig å ha sidemål. Nynorsk er ikkje eit språk me brukar lengre, når me skriv eller snakkar til kvarandre, seier Lasz Heidár, på veg inn på bussen.

Portrettbilde av Emil Hana Voss, elev vgs, med Kongsgård og Breiavatnet i bakgrunnen.

Emil Hana Voss går byggfag på vidaregåande i Stavanger, og kan styre seg for nynorskundervisning.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det var derfor eg valde byggfag, for å sleppa fag som ikkje er så kjekke, og nynorsk er ikkje akkurat det kjekkaste, seier Emil Hana Voss.

Støtte får han også frå prøveprosjekt i Vestfold og Oslo, der dei kutta ut sidemålet i vidaregåande på fleire skular.

I Oslo skjedde det i perioden 2004-2007, og i etterkant konkluderte rapporten frå NIFU STEP med at elevane hadde fått litt meir positiv haldning til nynorsk. I tillegg fekk dei betre karakterar i norsk hovudmål.

Språkdirektøren slår tilbake

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, er ikkje imponert over argumentasjonen til Frp-politikaren. Ho hevdar at konklusjonen frå forsøket i Oslo er sterkt omdiskutert, og viser til andre og nyare forskingsprosjekt, som kjem til motsett konklusjon.

– Det er ingen ting som tyder på at elevar blir kjempesterke i hovudmålet sitt av å ikkje måtte trena på sidemålet, tvert imot, seier Wetås.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner at Frp byggjer argumentasjonen sin på omstridt forsking.

Foto: Moment Studio

Og på bakgrunn av at regjeringa vil fjerne ein del av karakterane for sidemålet, både i ungdomsskulen og på vidaregåande, i den nye læreplanen, så er konklusjonen hennar klar:

– Det er heller ikkje noko som tyder på at elevane blir dyktigare av å ikkje få karakterar i faget.

Neppe fleirtal

Uansett er det lite truleg at forslaget frå Frp får fleirtal i fylkestinget i Rogaland, sjølv om Unge Høgre lovar at deira tre medlemmer, skal støtte forslaget.

Nei til nynorsk skrive på tavla med kritt

Frp vil ha slutt på sidemålet på vidaregåande skule i Rogaland

Foto: Scanpix / SCANPIX

Fleirtalet med Ap, Sp, KrF, V, SV og MDG, har ingen planar om å ta vekk sidemålet.

– Me treng å ta spesielt vare på den nynorske kulturarven som me har i fylket vårt. Den er under press, seier Kjartan Alexander Lunde frå Venstre.

Det viser også tala frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2018-19. Då var det berre 7.15 prosent av dei vidaregåande elevane i Rogaland, som hadde nynorsk som hovudmål.

Nynorsk er gøy

Hilde Furumo går på Bergeland vidaregåande skule i Stavanger. Ho er bokmålsbrukar, og er eit eksempel på at det også finst elevar som likar nynorsk.

Hilde Furumo, elev vgs Stavanger framføre Breiavatnet

Hilde Furumo trivst med nynorsk, og meiner ikkje at sidemålet bør fjernast.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Sidemålet bør bestå, men kanskje karakteren kan fjernast, slik at det ikkje går ut over karaktersnittet til dei som gjer det dårleg, foreslår ho.

Flere nyheter fra Rogaland