Hopp til innhold

Suksessmusikal til Stavanger

Musikalen Shockheaded Peter blir sett opp i Stavanger konserthus til hausten.

Shockheaded Peter til Rogaland Teater

VIDEO: Sjå ein smakebit frå Shockheaded Peter og høyr kva teaterfolket seier om stykket.

Rogaland Teater skal bygga ny scenerigg på hovudscenen neste år, og då må alternative scener bli tatt i bruk.

Så når musikalen Shockheaded Peter, med stor suksess i Oslo, blir sett opp i Stavanger går det heile føre seg i Zetlitz-salen i konserthuset.

Det er kanskje ikkje dumt når teateret set opp ein musikal med ein seks meter høg elefant som ein av figurane.

– Det er visuelt stort og tilpassa for Stavanger konserthus. Ein så stor scene har ikkje Rogaland Teater, humrar teatersjef Arne Nøst.

Han seier Shockheaded Peter er eit barneteater for vaksne.

– Du bør vera 13–14 år får å ha glede av å sjå barn bli klypt i hel og brent opp. Det er grotesk på ein underhaldande og teikneserieaktig måte, seier teatersjefen.

Skal fylla store sko

Shockheaded Peter

Espen Beranek Holm som songaren, Vidar Magnussen som seremonimeisteren, Marie Blokhus som Filip, Marianne Krogh som mor til Filip under oppsetjinga på Det Norske Teatret.

Foto: Fredrik Arff

Komikar Vidar Magnussen, som er sentral i komiseriane «Side om side» og «Underholdningsavdelingen», kledde ei av hovudrollene då stykket blei spelt i Oslo.

Han har fått både Komiprisen og Heddaprisen for sine prestasjonar i rolla som seremonimeister.

I Stavanger er det Christian Eriksen som skal kle denne rolla. Han innrømmer at han har store sko å fylla.

– Då tenker eg at eg har ingenting å tapa. Magnussen har vunne alt, så eg har alt tapt. Eg kan berre gå inn og gjera mi greia. Eg har ikkje håp om prisar i det heile, seier Eriksen.

Han meiner stykket både er underhaldande og artig.

– Eg gler meg til å komma i gang og få leika meg i dette universet.

Premiere i august

Stykket har premiere i konserthuset 28. august og har framsyningar fram til 23. september. Totalt skal det blir spelt omlag 20 førestillingar i Stavanger.

Arne Nøst har ansvar for scenografi. Espen Hana skal også ha ei stor rolle og Erik Ulfsby har regien.