Hopp til innhold

Stor snøskredfare i fjellet

Sjefen ved Røldal skisenter ber folk vera forsiktige i vinterferien.

Stor skrefare i fjellet

VIDEO: Dagleg leiar ved Røldal skisenter, Oddvar Bratteteig, åtvarar om snøskredfare i fjellet og ber folk vera forsiktige.

Det snøa tett då NRK besøkte Røldal skisenter fredag. Og det ser ikkje ut til at snøvêret gir seg med det alle første.

Det er nemleg venta mykje snø kombinert med vind i fjellet i helga. Det fører til stor snøskredfare.

Fredag var det betydeleg snøskredfare i Røldal (faregrad tre av fem), i går var snøskredfaren stor (faregrad fire).

Liten sikt

Blant dei som var litt usikre på forholda fredag var fire svenske kompisar som hadde tatt turen frå Göteborg til Røldal. Frikøyrarane sjekka både vêrvarsel og skredvarsel før dei kom til skisenteret i det tette snødrevet.

– All snøen er lovande for dei kommande dagane, men akkurat i dag ser me ikkje så mykje. Når me i tillegg ikkje er kjende, må me vera veldig forsiktige, seier Joel Bokne.

Skredfare Røldal

Det er betydeleg snøskredfare i Røldal.

Foto: Magnus Berning

– Sjølv om snøskredfaren har gått litt ned er det skummelt å ferdast i område som heller meir enn tretti grader, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter.

Han understrekar at det er ingen snøskredfare i dei preparerte løypene eller i nærleiken av heisane.

– Du må oppsøka bratt lende eit stykke frå heisane for å møta på skredfarlege område.

Faregrad tre laurdag

Ifølge nettstaden varsom.no, som varslar om snøskredfare i heile landet, vil det vera betydeleg snøskredfare (faregrad tre) i Røldal også på laurdag. Varselet for Røldal-regionen omfattar også Sauda og Svandalen.

– Me rapporterer inn til varsom.no stort sett kvar dag. Det er veldig bra at dei er flinke å ta omsyn og spør oss lokale om forholda, seier Bratteteig.

Pass på nær straumlinjene

På grunn av dei store snømengdene i fjellet ber også Haugaland kraft folk vera forsiktige i nærleiken av straumlinjer.

Dette gjeld spesielt i områda Breiborg, Flatskår og Maldal–Vetrhus.

– Me ber folk vera spesielt merksame ved kryssing av linjetrasear, er oppmodinga frå Erling Skåre i Haugaland kraft.

Skredfare Røldal

Det snøa godt i Røldal fredag. Det gjer at snøskredfaren i helga er betydeleg (faregrad tre).

Foto: Magnus Berning