Hopp til innhold

Stoppa smuglarbil, sjåføren stakk av

Statens vegvesen stoppa i dag ein lastebil på Sokn kontrollstasjon på E39 i Rogaland. Bilen nekta å stoppa, sjåføren stakk av to gonger og bilen var lasta med tre pallar øl og to kartongar sprit. Og for å toppa det heile: sjåføren hadde ikkje førarrett.

Smuglarbil og smuglargods

SJÅFØREN STAKK AV: Sjåføren stakk av to gonger, då han vart stoppa på Sokn kontrollstasjon.

Foto: Leif Skretting / Statens vegvesen

Vegvesenet vinka lastebilen inn for rutinekontroll på Sokn kontrollstasjon tidlegare i dag. Først nekta bilen å stoppa, men litt lenger borte langs vegen stoppa lastebilen i ei busslomme.

Gøymde seg i busker

– Ein kontrollør gjekk bort for å henta bilen, men då var sjåføren borte vekk. Kontrollen leita litt rundt og fann sjåføren gøymd i nokre busker, skriv Leif Skretting i Statens vegvesen i kontrollrapporten.

Lastebilen vart så køyrd tilbake til kontrollstasjonen, men det var kontrolløren som måtte køyra då sjåføren ikkje hadde førarrett. Då sjåføren vart spurt om kva han hadde i lasterommet, svarte han bygningsmateriale.

Men då dei opna dørene bak såg dei fort at det som var der, ikkje eigna seg til bygging.

Øl og sprit

– Der stod det tre fulle pallar med ølboksar og to kartongar med sprit, skriv Skretting.

Då kontrolløren skulle konfrontera sjåføren med dette, var sjåføren nok ein gong borte vekk.

Politiet vart varsla, og det vart søkt etter sjåføren med hund, utan hell. Lastebilen med «byggemateriala» vart inndratt av politiet.

Flere nyheter fra Rogaland