Klokka 21.00 i går kveld reiste Fjord Line sin nye danskebåt «Stavangerfjord» frå kaien i Hirtshals i Danmark.
Om bord var nesten 1000 forventningsfulle passasjerar. Av desse var Linn Iren Askeland (7) og Eli Blidgård frå Haugesund, som i sju tida måndag morgon gjekk av båten i Risavika i Sola, ved Stavanger.
Godt nøgde gjestar
Dei er godt nøgde med den nye ferja og den første turen.
– Det var ein kjempefin overfart, og båten var utruleg flott. Speleromma, restaurantane, leikeromma og alt var topp standard, seier Blidgård.
Også Linn Iren gir tommelen opp for leikerommet.
– Eg klatra i klatreveggen og hoppa i ballar, seier ho.
- Les òg:
- Les òg:
– Eit eventyr
Ein annan om bord på ferja er administrerande direktør i Fjord Line Ingvald Fardal. I fire år har han venta på denne dagen.
– Det har vore eit eventyr å vera med på denne første turen. Det har vore god stemning om bord heile turen, og dei siste gjekk ikkje og la seg før i tre tida i natt, seier ein nøgd Fardal i frukostbuffeen.
– Kva tilbakemeldingar har du fått frå dei reisande?
– Eg overhøyrde mange som sa; Jøss! Dette var noko anna enn det me reiste ned med, fortel han stolt.
MS «Stavangerfjord» har ei lengde på 170 meter og har i sommarsesongen plass til 1.500 passasjerar. Lastedekka tar inntil 600 biler. Skipet skal trafikkera linjene Bergen–Stavanger–Hirtshals og Hirtshals–Langesund.
Når det identiske søsterskipet, som får namn MS «Bergensfjord», blir seglingsklart, vil Fjord Line tilby daglege avgangar til faste klokkeslett heile året frå alle dei fire hamnene.
Stavangerfjordnamnet
– Kvifor valde de å kalla båten Stavangerfjord, når det allereie finst ein båt med dette namnet?
– Det er to grunnar til dette. Me heiter Fjord Line, og ville ha eit namn som assosiertes med fjord. Den andre grunnen er at skipet er bygd etter inspirasjon av Norske amerikalinje, med lange smale smekre skip. Der fann me namna Bergenfjord, Stavangerfjord og Oslofjord, og det er namn me også skal ta i bruk, seier Fardal.
Dei store nye cruisefergene til Fjord Line er dei første i verda som blir drivne med flytande naturgass. Skipa er av den grunn dei mest miljøvennlege i sitt slag.