Hopp til innhold

Stadig meir kjendis-TV: – Det kan bli for mykje

Det er ikkje berre noko du kjenner. Det har faktisk blitt fleire kjendisprogram på TV det siste året.

Kjendis

Kjendisene Alexandra, Alexandra og Alexander i ulike reality-program. Og dusørjegerane Victor, Chris og Rob.

Foto: Ulrik Kramer, Espen Solli, Thomas Andresen, New Game Media / NRK/NTB Scanpix/TV2/TV2

– Det er ein slags vinn-vinn-logikk her. Mange kjendisar tener på å vere på TV, og kanalane tener på å ha dei i programma sine, seier medieforskar Vilde Schanke Sundet ved universitetet OsloMet.

I år tilbyr dei fire store kanalane 47 kjendisbaserte program, mot 36 i fjor.

Altså er det elleve fleire, viser ei uhøgtideleg undersøking NRK har gjort i tilbodet til NRK/NRK TV, TV 2/TV 2 Play, TVNorge/Discovery+ og TV 3/Viaplay.

– Det er i beste fall eit gjensidig utnyttande samarbeid. TV-bransjen får populære, proffe deltakarar, som er flinke til å levere kjensler på skjerm. Kjendisane får synlegheit tilbake som dei kan veksle inn i fleire følgjarar. Mange får også betalt, og kan lage seg nettverk som dei kan bruke vidare i karrieren, seier Schanke Sundet.

Forsker Vilde Schanke Sundet

Vilde Schanke Sundet er førsteamanuensis ved OsloMet, og har forska på TV-utviklinga.

Foto: UiO

Og sjølv om auken ikkje er så stor frå i fjor til i år, har kjendisdyrkinga hatt god vekst dei siste åra.

Til dømes er det i år minst 15 fleire kjendisprogram enn for tre år sidan, og meir enn sju gonger så mange som i 2010.

Likevel hevdar TV-sjefane at kjendisar ikkje er ei eiga satsing.

Portrettmesterskapet - stemningsbilde - NRK TV

Linn Skåber i Portrettmesterskapet på NRK. Her konkurrerte kunstnarar om å lage det beste portrettet av ein kjendis.

– Ingen kjendisstrategi

NRK har 17 kjendisbaserte program i 2023, mot 12 i fjor. Nye konsept har sleppt til, som Portrettmesterskapet, Vettskremt og Førstemann, i tillegg til gamle publikumsfavorittar som Mesternes mester, Stjernekamp og Maskorama.

NRKs TV-sjef Arne Helsingen

Arne Helsingen har vore TV-sjef i NRK i 17 år. 10. november blei det kjent at han sluttar for å bli generalsekretær i Nordvisjonen.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Vi har ikkje lagt ein strategi der vi seier at vi skal ha ein haug med kjendisprogram eller konkurranserealityprogram. Det viktigaste er programidéen, at dei som står bak brenn for det, og at det passar inn i totaltilbodet. Kjendisar er ingen garanti for suksess. Vi skal ha eit breitt tilbod i alle sjangrar, seier Arne Helsingen, som inntil sist veke var NRKs TV-sjef.

– Men kvifor er det då så mykje kjendis-TV?

– Folk i Noreg kjenner desse menneska, og det er med på å skape ei stemning. Og vi vil ha program som inspirerer sjåarane, som Mesternes mester.

Mesternes mester

Olaf Tufte vann Mesternes mester på NRK i år.

Foto: Heidi Marie Gøperød

Kjendisar gir omtale

TV 2 har 19 kjendisprogram i år, mot 15 i fjor.

Kanalen satsar på både gamle travarar som Hver gang vi møtes, Farmen Kjendis og Skal vi danse, men har også nye kjendiskonsept som Kokkeskolen, Kjendis AS, Forræder og Dusørjegerne – jakten på gullkofferten.

Trygve Rønningen, programredaktør og direktør for innholdsstrategi, TV2.

Trygve Rønningen er programredaktør og direktør for innhaldsstrategi i TV 2.

Foto: TV2 / Jan-Petter Dahl

– Dette med kjendis-TV er relativt stabilt for TV 2. Men når stadig fleire kanalar gjer det same, blir det skapt eit inntrykk av at det er fleire kjendisprogram, seier programredaktør og direktør for innhaldsstrategi i TV 2, Trygve Rønningen.

– Kor viktige er kjendisane for å få programomtale i avisene?

– Har du tydelege profilar, er det lettare å komme til spaltene. Men den viktigaste grunnen til å lykkast med program, er at kjendisen har ein bra personlegdom.

Else Kåss Furuseth i NRK-serien Helsekost Furuseth

Else Kåss Furuseth er ein elska TV-personlegdom, som er med i mange program. Her frå NRK-serien Helsekost Furuseth.

Foto: Teddy TV / NRK

Else i alle kanalar

Men er Noreg eit stort nok land, med mange nok kjendisar, til å ha så mange kjendisprogram?

For å ta eit døme:

Else Kåss Furuseth har vore med i både i Portrettmesterskapet (NRK), Kjendis AS (TV 2) og Kamikaze (TVNorge) i år. I tillegg har ho hatt eigne program med Kåss til kvelds og Helsekost Furuseth på NRK. Du kan også ha fått med deg Kåss Furuseth som gjest i Nytt på nytt og Lindmo. No blir ho også fast gjestedommar i Norske Talenter på TVNorge.

– Dei som går igjen, er vel dyktige og populære, går eg ut frå. Det kan bli for mykje, men det trur eg publikum regulerer sjølv. Er ikkje programmet godt nok, vel dei det bort, seier Helsingen.

Også TV 2 får ofte høyre at dei same kjendisane går igjen.

– Det er nok til dels rett. Vi har jobba litt med det og vore aktive i å prøve å bringe inn nye typar kjendisar i programma våre, seier Rønningen.

Flippklipp: Christopher Robin Omdahl og Victor Sotberg.

YouTube-stjernene Christopher Robin Omdahl og Victor Sotberg, her frå NRK Supers Flippklipp, jaktar no kjendisar i TV2-programmet «Dusørjegerne – jakten på gullkofferten»

Foto: NRK

Influensarar skal lokke unge

Medan det tidlegare stort sett var artistar, skodespelarar og idrettsstjerner som dominerte på skjermen, blir kjendisane no henta også frå sosiale medium.

– Ved at ein bruker ein influensar som er kjend frå sosiale medium, så håpar ein at dei skal ta med seg følgjarane sine inn i TV. Kanalane bruker YouTube- og TikTok-stjerner i ein slags innkastarfunksjon, for å få fleire unge til å sjå på TV, seier forskar Vilde Schanke Sundet.

Ho meiner kanalane prøver å nå breitt, også i castinga av kjendisar.

– Dei tenkjer at klarer du å finne ein kjendis til alle i familien, så har du samla befolkninga. Men det er ganske vanskeleg i dag å finne personar som alle veit kven er.

Og til jul, då kjem julekalendrane. Førre veke sleppte NRK namna på dei 24 kjendisane som skal vere med i den stjernespekka julekalenderen deira.