Hopp til innhold

Solveig (16): – Send ein snap til nokon du vanlegvis ikkje snappar med

Kontakt på sosiale medium føregår ofte i små klikkar. Unge som fell utanfor desse, er meir åleine nå, ifølgje Unicef. Men det skal ikkje mykje til for å hjelpa, meiner Solveig (16).

Solveig Vik

Solveig Vik er ungdommane sin fylkesordførar i Rogaland, og for tida i karantene i heimen sin i Haugesund. Frå hagen sin seier ho at det er mange unge som fell heilt utanfor den digitale kontakten på sosiale medium.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Utan fritidsaktivitetar og skule er sosiale medium nå den store arenaen for unge å vera saman.

Ifølgje 16 år gamle Solveig Vik fører dette til at fleire enn vanleg blir einsame.

– Eg har sett det sjølv. Det er mange som slit med dette nå, seier Vik.

Ho er ungdommane sin fylkesordførar i Rogaland, og sit for tida i karantene i heimen sin i Haugesund. Begge foreldra har fått påvist covid-19, og ho er truleg smitta sjølv.

Likevel er det ikkje dette ho vil snakka med NRK om.

Ho vil snakka om alle dei unge som i desse dagar fell utanfor det digitale fellesskapet.

Kontakt for dei aller nærmaste

– Det finst ungdommar som kanskje ikkje har ei fast vennegruppe, men som gjennom skule og fritidsaktivitetar likevel er saman med folk. Desse sit nå heilt åleine utan kontakt med jamnaldrane, seier Solveig Vik.

Kristin Oudmayer

Kristin Oudmayer jobbar for Unicef Noreg og er i tillegg forfattar, samfunnsdebattant og føredragshaldar. Ho skriv om mobbing og inkludering.

Foto: Unicef

Kristin Oudmayer leiar Unicef sitt program «Den eine» som har fokus på einsame barn og unge. Ho meiner at Vik har eit svært viktig poeng.

– Eg får dagleg inn meldingar frå unge som er utruleg fortvilte nå, fordi dei kjenner seg isolerte på grunn av mangelen på kontakt med andre, seier Oudmayer.

Ho forklarer at tett kontakt på sosiale medium ofte føregår i små klikkar. Med dei aller næraste. Derfor treng du ikkje vera veldig perifer før du fell heilt utanfor.

Og terskelen for einsame å ta kontakt med andre er ifølgje Oudmayer høg.

– Teknologien gjer det veldig enkelt å ta kontakt, men folk er likevel redde for å gjera det. Dei vil ikkje vera til bry, eller blanda seg borti ein chat dei ikkje er sikre på om dei er ein del av, seier ho.

Ho meiner at pandemisituasjonen, utan skulegang og fritidsaktivitetar, vil kunne fungere som eit forstørringsglas på problema til dei som opplever å vera einsame.

– Me må visa at me står saman

Solveig Vik har derfor ei oppfordring til alle ungdommar.

– Me må visa at me står saman, og at me bryr oss om kvarandre. Snakk til folk du ikkje snakkar så ofte med. Send ein snap til nokon du vanlegvis ikkje snappar med. Ikkje berre tenk på dei, men vis at du tenker på dei, seier Vik.

Dette er noko også Oudmayer har stor tru på. Ho seier det kan bety utruleg mykje for mange å vita at det er nokon som tenker på dei.

Ho håper også at foreldre engasjerer seg.

– Snakk med barna og ungdommane om kven dei har kontakt med nå, og kven dei ikkje høyrer frå. Kartlegg litt og prøv å vera ein bidragsytar for at alle skal bli inkludert, seier ho.