Hopp til innhold

Søkerflukt frå prestisjeskule i Stavanger

For første gong i historia har Stavanger katedralskole ledige plassar til studiespesialisering etter at søknadsfristen gjekk ut. – Vi forstår ikkje kva som har skjedd, seier rektor ved skulen.

Stavanger katedralskole

Stavanger katedralskole, Kongsgård, fekk stempel som jenteskule i fjor. Eit stempel rektoren trur er grunn til labre søkjartal i år.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Det har aldri skjedd før at vi ikkje har hatt nok søkjarar til å fylle plassane, seier Kirsti Haug, konstituert rektor ved Stavanger katedralskole.

Dette er skulen som kan skilte med tidlegare elevar som Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder. Stavanger katedralskole, kjend som Kongsgård, er og der ungdomsgjengen i Tore Renbergs bok «Mannen som elska Yngve» lever sine liv.

pluggbilde

VIDEO: Hvorfor søker så få seg til Kongsgård i år?

Kirsti Haug

Kirsti Haug, konstituert rektor ved Stavanger katedralskole.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Vi har fleire gonger opplevd at høge søkjartal og høgt snitt skremmer folk frå å søke seg til Kongsgård. Mange er redd at dei ikkje kjem inn, og sett ein annan skule som førsteval.

– Trur de dette er grunnen i år?

– Ja, det er nok ein stor grunn. I tillegg fekk vi negativ medieomtale i fjor om at vi var ein «jenteskule». Det spelar nok og inn, seier Haug.

Stavanger katedralskole hadde i fjor overflod av skuleflinke jenter. I nokre av klassane på skulen var det berre to gutar.

Jenter på St. Svithun ungdomsskole 2

Jenter på St. Svithun ungdomsskule kan ikkje tenke seg å gå på Kongsgård. Framme: Aina Jawad, Guro Husebø, Tiril Sofie Mong. Bak: Ella Skarveland, Emma Raad Kleppe, Sonja Rautola.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Elevar vil i nybygg

Dei fleste av elevane NRK treff i skulegarden på St. Svithun ungdomsskule i Stavanger, er tydelege på at dei ikkje vil til Kongsgård.

– Eg vil gå ein stad det ikkje er så mykje press, seier Tiril Sofie Mong.

Ho og fleire av venene har søkt seg til St. Svithun vidaregåande, som har eit flunkande nytt bygg til hausten.

Langt nede på lista

Det er St. Olav og Svithun vidaregåande skular som flest søkjarar har sett opp på førsteplass i Rogaland. Deretter kjem Sandnes og Bryne, og Varafjell og Skeisvang i Haugesund.

Helge Eide

Helge Eide i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Først på sjuandeplass blant skulane med studieførebuande liner dukkar Stavanger katedralskole opp.

Berre 113 elevar har skulen som førsteval, og det er ikkje ein gong nok til å fylle opp dei 125 elevplassane fordelt på fem klassar.

Det er også ein kraftig nedgang frå 174 elevar med Kongsgård som førsteval i 2016.

«Nye» skular er populære

– Du kan seie at Stavanger katedralskole er vippa ned av trona, seier Helge Eide, som er seksjonssjef ved Opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

Han vil ikkje spekulera i kva som har skjedd, men nemnar at tala viser at nyoppussa skular er populære.

Kongsgård er i gamle verneverdige lokale langs Breiavatnet i sentrum og det er ikkje så mykje som kan gjerast med bygningsmassen av den grunn.

– Dei fire mest populære skulane har alle nye, fine bygg, seier Eide.

Gutter på St. Svithun ungdomsskole

Ungdomsskuleelevar ved St. Svithun ungdomsskole i Stavanger. Gutane vil ikkje gå på Stavanger katedralskole. F.v. Nicklas Sæbø Hodneland, Trym Schjølberg Sivertsen, Stian Kristiansen og Kasper Ersland (bak).

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK