Hopp til innhold

Polsk smuglar stoppa på Jæren

Ein 36 år gammal polakk smugla om lag 348 liter øl, 60 liter sprit og 20.000 sigarettar til Norge. Nå har Jæren tingrett dømd han til 45 dagar i fengsel.

Det var i februar i år 36-åringen smugla inn varene til Norge med ein Volkswagen Caddy.

Mannen kom frå Göteborg, køyrde inn i landet via Svinesund, over fjellet til Haugalandet, før han køyrde sørover til Vigrestad.

På Jæren blei han stoppa på ein rasteplass av ein politipatrulje. Dei fatta mistanke og avslørte smuglarforsøket. Det viste seg av bilskilta og vognkortet i bilen var forfalska.

Skulle skaffa pengar til sonen

Tiltalte forklarte til tingretten at han fekk smuglaroppdraget av ein kjenning i Polen, og at han trengde dei 2000 kronene han skulle få for jobben til å dekka sjukehusopphald for ein son i heimlandet.

Retten festa ikkje lit til forklaringane til 36-åringen. Blant anna at han skal ha fått ein mobiltelefon av ein gut før ferjeleiet på Arsvågen fordi hans eigen var øydelagt, og at han dermed ikkje eigde telefonen han blei pågripen med.

Det er også dokumentert ferjebillettar med fire reisande, og retten festar ikkje lit til at tiltalte ikkje kan gjera greie for kven som var med på reisa. I tillegg er det dokumentert at mobilen til tiltalte er registrert i Norge i januar og februar 2014.

Retten ikkje i tvil

Når retten ser på reiseruta, trafikkdata frå telefonen og bompasseringar ved Åkrafjorden og Randabergveien, meiner dei det er bevist «ut over kvar og ein rimeleg tvil» at 36-åringen har vore involvert i smuglinga.

Når ein ser på den store mengda som blei forsøkt smugla, meiner retten det utan tvil er meint for vidaresal og at det heile ber preg av såkalla mobil vinningskriminalitet.

Sjølv om tiltalte erkjenner dei faktiske forholda, meiner retten det ikkje er noko formildande ved straffeutmålinga.

36-åringen blei derfor dømd til fengsel i 45 dagar. Mannen må også klara seg utan førarkort i Norge i to år.

Flere nyheter fra Rogaland