Kjøpar er det amerikanske konsernet Noble Corporation. I ei børsmelding seier Peter T. Smedvig at han også trekkjer seg som styreformann i selskapet.
- Det er sjølvsagt med blanda følelsar at eg i dag har
Peter T. Smedvig sel seg ut av familieselskapet med blanda kjensler. Foto: Nina Eirin Rangøy/Scanpix.
bestemt å takke ja til eit tilbod om å selge aksjene våre i Smedvig, seier Peter T. Smedvig i børmeldinga.
Smedvig selde seg nyleg ut av Roxar. Dette selskapet driv med avanserte måleinstrument for olje- og gasstraumar. Smedvig fekk ein gevinst på 350 millionar kroner i samband med dette salet. Rett før det igjen hadde Roxar vunne ei rettssak i Høgsterett om rettane til eit måleinstrument.