Hopp til innhold

Joikakakene skal over i pappboks

Nortura byter hermetikkboks med pappkartong for fleire produkt. Det sparer både transport og 300.000 kilo metall.

Slutt på hermetikkbokser, nå er det hermetikkpapp for joikakakene

Det er slutt på den tradisjonsrike hermetikkboksen med Joikakaker. No kjem både kakene og andre kjøttprodukt i pappkartongar.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Vi gjer det først og fremst for miljøet. Vi sparer inntil 80 prosent av CO₂-utsleppa ved å gå frå boks til kartong, seier Lisbeth Helene Nilsen, er fagsjef for emballasje i Nortura.

I 60 år har den tradisjonsrike hermetikkboksen med Joikakaker vore i produksjon. No er det slutt. Nær fire millionar hermetikkboksar med Joikakaker, bogskinke, snurring og kylling skal nå over i pappkartong.

Produksjonen blir flytta frå Sarpsborg til Fjordkjøkken på Varhaug i Rogaland.

Lisbeth Helene Nilsen er fagsjef for emballasje i Nortura

Lisbeth Helene Nilsen er fagsjef for emballasje i Nortura.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Nortura har investert 50 millionar kroner i ny pakketeknologi i fabrikken på Varhaug der Fjordland-produkta blir i dag produsert.

Framleis skal enkelte produkt lagast i hermetikk i Sarpsborg, som til dømes Jædersylte. Det er ikkje planlagt oppseiingar der. I staden blir det jobba med andre prosjekt, ifølgje Nortura.

Sparer mykje transport

Fordi den nye emballasjen er meir plasseffektiv, blir det færre bilar på vegane. I tillegg blir det spart mykje transport av sjølve emballasjen.

I 2019 produserte Nortura 3,8 millionar av desse hermetikkprodukta, tilsvarande 300.000 kilo metall. Den nye kartongen er resirkulerbar og blir kjeldesortert som papp.

Fagsjef for produkt i Nortura, Inger Jakobsen Biche.

Fagsjef for produkt i Nortura, Inger Jakobsen Biche.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Nortura er dei første i verda som tar i bruk den nye teknologien og produserer kjøtt i pappkartongar. Det har vore mykje prøving og ein del feiling, seier fagsjef for produkt, Inger Jakobsen Biche.

Haldbarheita er ikkje like god som på hermetikkboks, og går ned frå fem til to år.

– Men så er det ein enklare opnemekanisme. Ein hermetikkboks kan ikkje lukkast igjen på ein god måte etter at han er opna, det kan kartongen.

Naturvernforbundet fornøgd

– Den umiddelbare reaksjonen vår at dette er eit bra grep frå Nortura. Sånn reint generelt bør næringslivet investere i å kutte utslepp og finne nye måtar å levere produkta sine på. Folk vil ha meir miljøvennlege løysingar, og då må matindustrien og handelen jobbe saman for å gi dei nettopp det, seier fagrådsgivar i Naturvernforbundet, Joakim Gulliksen.

Enklare å skjere opp bogskinka

Nortura meiner det er fleire fordeler med pappkartongen, også for den tradisjonelle bogskinka. Ho skal bli lettare å skjere fine stykke av, og det blir mindre gelé i kartongen.

Det blir òg lettare å kvitte seg med kartongen etterpå. Det er berre å skylje og kaste i søpla.

– Vi trur nordmenn framleis vil ha hermetikk i skapa sine. For det blir framleis kalla hermetikk sjølv om det er i pappkartong. Det er prosessen som gjer at det er hermetikk, at det blir kokt i ein hermetisk lukka emballasje, seier Biche.