Hopp til innhold

Dysletikarar får ikkje lenger gratis pc i skulen

Arbeidsdepartementet seier at det nå er så billig med pc, at alle har råd til ein.

Jon Arild Helgheim

– Vedtaket om å fjerna gratis dysleksi-pc rokkar ved noko av det mest vesentlega i opplæringslova; gratisprinsippet, seier rektor ved Eigerøy skole i Eigersund.

Foto: Øystein Ellingsen

Torfinn Hansen

Skulefagleg ansvarleg i Eigersund kommune, Torfinn Hansen, seier at det kan bli vanskelig å halda skulen gratis, med nye reglar.

Foto: Øystein Ellingsen

I Dag er det skulestart for mange, nytt for året er at skuleborn med diagnosen dysleksi ikkje lenger har krav på pc.

Den nye ordninga kan bli dyr for fleire familiar meiner rektor på Eigerøy skole, Jon Arild Helgheim.

  • Er skulen gratis? Sei meininga di nedst i artikkelen.

– Mange familiar har meir enn berre eitt born med dysleksi, viss dei skal kjøpa fleire datamaskinar, vil det fort bli dyrt seier han. Det skal ikkje svi å ha dysleksi.

I kommunen hans har heile 15% av alle skuleelevane dysleksi-pc. I følgje Grunnskolens informasjonssystem, GSI er det per i dag 47000 elever som får hjelp av PP tenesta.

– Datautstyr har blitt så billig

Det var før sommarferien at stortinget vedtok å fjerna ordninga som sikra dyslektikarane gratis datautstyr.

– Hovudgrunnen til dette er at prisane på datautstyr har gått kraftig ned, og at datautstyr er noko dei aller fleste husstandane nå har, seier seniorrådgjevar i Arbeidsdepartementet, Jon Reidar Øian.

Han legg til at alle framleis kan låna utstyr frå skulen dersom eit behov for spesialtilpassa datautstyr kan bli påvist.

Gratisprinsippet truga

– Å halda grunnskulen gratis kan bli ei utfordring framover, seier skulefagleg ansvarleg i Eigersund kommune, Torfinn Hansen.

Er skulen gratis slik det er nå?

– Ikkje viss det går ut oppmoding om å kjøpa pc.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.