Hopp til innhold

Slik skal dei ta kloakksyndarane

Med hjelp av fargestoff i toalettskålene skal Sandnes kommune finna ut kor dritlukta i byen kjem frå.

Kloakken flyt framleis i Vågen i Sandnes. Nå jaktar kommunen syndarane. 100 millionar kroner vil det kosta å tetta lekkasjene. Det kan bety auke i kloakkavgiftene.

►SJÅ VIDEO: Sandnes kommune er i full gang med å finna ut kor kloakken i Vågen kjem frå. (Foto: Kaj Hjertenes)

Vågen i Sandnes

Inst i Gandsfjorden ligg gjestehamna i Sandnes. Her er store mengder avføring eit kjent problem.

Foto: Øystein Otterdal/NRK
Undervassbilete av Vågen

Dette undervassbilete syner at Vågen i Sandnes er full av ekskrement.

Foto: Viking Redningstjeneste

For over tre år sidan kunne NRK fortelja om ekskrement, toalettpapir og bind som fløyt fritt i gjestehamna i Sandnes.

Sidan den gong har kommunen klart å redusera problemet, men framleis er både lukta og innhaldet av kloakk i sjøen for høg.

Dette har gjort at kommunen nå sett inn ein offensiv, for å finna ut kven sine toalett det er som lekk ut i sjøen.

Følg fargestoffet

Det er med hjelp av flytande fargestoff og dør-til-dør-metoden, dei håper å finna syndar-toaletta.

Kloakkjegerane frå kommunen heller fargestoff i toaletta i private heimar og butikkar, trekk ned og sjekkar kummane på utsida.

– Dersom fargen kjem i spillvasskummen er det riktig, dersom den kjem i overvasskummen ville det gitt ei forureining i Vågen, seier driftsleiar i vatn og avløp, Roar Karlsen, like etter dei har sjekka ein frisørsalong i Sandnes.

Der dei finn feil kan dei retta opp i feilkoplingar i kloakksystemet, og så langt har dei funne 26 av desse.

Til saman skal om lag tusen toalett sjekkast.

Ordførar Stanley Wirak på båthamna i Vågen

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), i Vågen i Sandnes.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Perla i regionen

Dei fleste syndene kommunen finn på kloakknettet er gamle.

– Anten er det feil som har blitt gjort utan vilje, eller er det rett og slett at det var praksis å la skiten renna til sjøs på 60- og 70-talet, seier bymiljøsjefen i Sandnes, Kjersti Ohr.

– Dette er sjølvsagt ikkje akseptabelt, slår ho fast.

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, håper nå at dei endeleg kan klara å få bukt med kloakkproblemet.

– Me kan ikkje ha det slik. Dette er sjølve perla i regionen, så her må me ha det reint og fint, seier han.

– Det kjem til å kosta ein del, men me må berre få det reint, seier han vidare.

Det vil derfor bli aktuelt å høgna kloakkavgiftene, for å dekka noko av ekstrautgiftene med å tetta lekkasjane.

Ei utgift som kan koma på om lag 100 millionar kroner.

– Eg trur likevel at heile byen er interesserte i at me skal gjera byen rein nå, avsluttar Wirak.