Hopp til innhold

Skal få bukt med kloakken i Vågen

IVAR og Sandnes kommune går saman om å få slutt på problemet med kloakkutslepp.

Kloakk i Vågen
Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Etter eit møte i dag blei det bestemt at IVAR skal setje inn ei ny og betre pumpe, mens Sandnes skal retta på eit overløp.

Kloakk har i lang tid flote fritt i Vågen .

Men på sikt kan det bli aktuelt å flytta anlegget lenger ut i Gandsfjorden, ifølgje kommunalteknisk sjef i Sandnes, Odd Arne Vagle.

- Å ha eit overløp i ei gjestehamn er ikkje bra. Så om få år fram i tid så blir det nok aktuelt å flytta anlegget. Me må finna ein eigna trasé for å få dette på plass, seier Vagle.