Hopp til innhold

Slik har du aldri sett eit egg

Eggekvita mista fargen og blei gjennomsiktig. Slik gjekk det når kokkelærar Hans Dahl Ørstavik laga til eit kokt egg etter lutfisk-oppskrift.

Går det an å luta andre ting enn fisk?

Det var dette spørsmålet NRK ville ha svar på då me kontakta kokkelærar Hans Dahl Ørstavik juletider i fjor. Og svaret var; sjølvsagt går det an, spørsmålet er heller korleis det smakar?

Etter den gong har det blitt luta både ribbe og laks med blanda resultat.

Lutegg

Hans Dahl Ørstavik (t.v) er fagleiar i Restaurant og matfag på Time vgs. Saman med NRK sin reporter Bjørn Olav Skjæveland smakar dei på luta egg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Lutegg

I dag var kanskje dei første luta egga nokon sinne klar for smaking. Og kokkelæraren blei sjølv overraska når han såg resultatet.

– Kvita hadde blitt heilt gjennomsiktig, heime i familien blei me samde om at det likna på elefantsædceller, seier Ørstavik.

Han seier han også luta egg med skal, men at dette ikkje hadde ein effekt. Elles har han luta på ein heilt vanleg måte.

Slik blei egga luta:

  • Hardkok egget
  • Skrell egget
  • Legg egget i lut (vanleg lutblanding med 100g kaustisksoda per 30 liter vatn)
  • La stå i 12 timar
  • Vatn ut egget under rennande vatn (lengda avgjer lutsmaken, egget på bilete er vatna ut i omlag 2 timar)

Høyr korleis smakinga gjekk:

Skeptisk

NRK-reporter Bjørn Olav Skjæveland som skulle smaka egget var svært skeptisk før han gjekk i elden. Han meinte at det likna på aspik eller kabaret som nokon kallar det.

– Det ser ut som om mor mi skulle hatt foreining og ville servera aspik, men alt ho hadde å ha i var kokt eggeplomme, sa Skjæveland før han beit over egget.

Og egget gjekk rett ut at, dette falt ikkje i smak i det heile tatt. Han meiner egget smaka sterkt av lut.

Kan bli servert

Dahl Ørstavik sleit ikkje like mykje med å få egget ned, men er einig i at det kunne vore litt meir utvatna. Likevel meiner han at egget er svært dekorativt.

– Om eg hadde hatt litt tid til å eksperimentera med smaken på egget kunne eg godt servert dette med til dømes skaldyr, det ser jo svært flott ut, seier kokkelæraren.

Så vil det visa seg om lutegg kan slå like godt an som aspiken gjorde på 80-talet.