Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Ordførar Sevland vil ha skøytehall trass i kostnadssprekk Reporter Ingvald Nordmark
- Region Nord-Jæren
Fleirtalet av politikarane i Stavanger støttar likevel prosjektet. Det er ingenting som tyder på at dette vert stoppa, men vi må ha en nøye gjennomgang av prosjektet, seier ordførar Leif Johan Sevland.
Det første overslaget for å få bygd skøytehall i Sørmarka der kunstisbanen er i dag var på 68 millionar kroner. Det nye overslaget er på 150 millionar kroner, det er meir enn ei dobling.
Interkommunalt samarbeid
Første gong prisen på den planlagde skøytehallen sprakk, trekte Sandnes seg meir eller mindre ut. Då var prisen på 105 millionar kroner.
- Vi stengde vel døra for samarbeidet ganske godt sist, og no blir det berre endå verre. Det seier varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli.
Stavanger, Sola og Randaberg er fortsatt med i samarbeidet.
Heller svømmehall
Borgli meiner det heller må satsast på noko som regionen ikkje her. Tildømes ein stor interkommunal svømmehall.
Sjølv om rekninga no ser ut til å verte større tek Stavanger sin del og vel så det, meiner ordførar Leif Johan Sevland. Vegen over motorvegen må fornyastog kryssløysinga må utbetrast. Tilsaman er det kostnadsrekna til 30 millionar kroner noko Stavanger betalar. Det viser at vertskommunen tar ein stor del av kostnadane, seier Sevland.