Hopp til innhold

Skjebnedag for endå ein verkstad

I dag kan endå ein verkstad i flymiljøet på Sola bli lagt ned, 110 arbeidsplassar står i fare.

Det er skjebnedag for 110 tilsette på flykomponentverkstaden på Sola. I kveld er det styremøte i København, og det blir avgjort kva som skal skje.

Dårleg kjensle for framtida

Tillitsvald Jan Ommedal er usikker på framtida.

- Det kan gå begge vegar, seier Ommedal.

Han fortel at dei hadde eit allmannamøte på fredag.

- Dei tilsette sat ikkje att med ei god kjensle etter møtet, fortel han.

Turen komen til komponentverkstaden?

Det er berre tre veker sidan SAS Braathens sin flyverkstad fekk skjebnemeldinga om at det blei nedlegging. 265 tilsette må truleg finna seg anna arbeid der.

Og nå er turen komen til flykomponentverkstaden. Verksemda som mellom andre leverer delar til SAS sine fly. På styremøtet i kveld skal det avgjerast om dei får leva vidare.

Flykomponentverkstaden går godt

- Me meiner me kan driva det betre enn både Oslo, Stockholm og København, seier Ommedal.

Også på flyverkstaden på Sola tjente dei pengar og hadde ord på seg for å gjera eit godt arbeid. Det hjelpte ikkje dei. Også ordførar i Sola, Håkon Rege, sit på nåler før styremøtet i kveld.

- Ut i frå det som skjedde på flyverkstaden frykte eg at me kan få ein reduksjon, og i verste fall ei nedlegging, seier Rege.

Ordføraren klar til å kjempa mot

Og blir det ei ny nedlegging, denne gongen av flykomponentverkstaden, er Rege klar til å mobilisera styrkane slik det blei gjort etter vedtaket om nedlegging av flyverkstaden.

- Det blir ny runde med departement og lokalt initiativ i frå fylkesordførar og ordførar, seier Rege.

- Ei nedlegging av flykomponentverkstaden vil øydelegga flymiljøet på Sola ytterlegare, fortset han.